Stryn er ein tettstad i Stryn kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 2 km², og har 2662 innbyggjarar (2023).
Stryn er administrasjonssenter i Stryn kommune. Tettstaden ligg ved utløpet av Stryneelva i Innvikfjorden, inst i Nordfjorden.
Tonning var tingstad frå byrjinga av 1600-tallet. I dag er ein del eldre bygningar freda med mellom anna gjestgiveri, sjøhus og handelsstad.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.