Tvisyn AS er eit norsk lokalaviskonsern som eig åtte mindre lokalaviser i Møre og Romsdal, Trøndelag, Nordland og Finnmark. Konsernet vart skipa i 2019 og har kontoradresse på Haramsøy.
Tidlegare journalist og redaktør Robin Røkke er eineeigar av konsernet som famnar om avisene ØyBlikk, Vestnesavisa, Midsundingen, Hustadvikingen. Malviknytt, Avisa Lofoten og Østhavet. Sommaren 2024 er Aukranytt, som dekkjer Aukra kommune, den åttande lokalavisa i Tvisyn-konsernet. Fellestrekket for desse lokalavisene er at dei i hovudsak baserer seg på nettutgåve og mindre på papirutgåve.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.