Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Faktaboks

Vinstra
Region
Innlandet
Nedbørfelt
1590 km2
Kjelde
Bygdin
Munning
Vinstra
Sideelvar

Espa, Hinøgla

Vassdrag

Glommavassdraget

Vinstra er ei elv i Innlandet, i Nord-Fron, Øystre Slidre og Vang kommunar. Ho er sideelv til Gudbrandsdalslågen.

Vinstra kjem frå Bygdin, renn mot aust gjennom vatnet Vinstre (1032–1028 meter over havet), vidare mot nordaust gjennom det tronge Kvikne-dalføret og fell i Lågen like sør for Vinstra stasjon. Største tilløp er Hinøgla frå Heimdalsvatna.

Elva er utbygd i Nedre Vinstra kraftverk (308 MW) og Øvre Vinstra kraftverk (140 MW).

Namnet kan komma av at elva kjem frå venstre for dei som brukte vegen oppetter Gudbrandsdalen. Ei anna tolking er at det kan vera ei avleiing av verbet vinda 'bukte seg'.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg