Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund er ein norsk hovudorganisasjon i arbeidslivet som blei stifta i 1977. YS er ei partipolitisk uavhengig samanslutning av ti arbeidstakarorganisasjonar, med til saman 211 000 medlemer (2025).
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS)
Faktaboks
- Også kjend som
- YS
- Organisasjonstype
- Forening/lag/innretning
- Forretningsadresse
- Oslo
- Stifta
- 18. januar 1977
- Dagleg leiar
- Håvard Lismoen
- Styreleiar
- Hans Erik Skjæggerud
Formål
YS er hovudorganisasjon for elleve fagforbund. Oppgåvene til YS, og andre hovudorganisasjonar på arbeidstakarsida slik som til dømes LO, Unio og Akademikerne, er å forhandle med arbeidsgivarorganisasjonar som NHO og KS på vegner av fagforbunda sine om tariffavtalar. Arbeidstakarorganisasjonar som YS forhandlar òg om løn, arbeidstid og ferie, og om lag halvparten av arbeidstakarane i Noreg er organiserte.
YS er ein av fire hovudorganisasjonar på arbeidstakarsida som saman med dei fire organisasjonene på arbeidsgivarsida og regjeringa utgjør trepartssamarbeidet i norsk arbeidsliv.
YS konkurrerer med LO om medlemer, sidan dei to organisasjonane representerer mange av dei same yrkesgruppene i arbeidslivet. Unntaket er Finansforbundet, der det berre er YS som representerer arbeidstakarar som arbeider i bank og forsikring. Nokre av dei største medlemsorganisasjonane i YS er Parat, Delta, Finansforbundet og Negotia.
YS deler kvart år ut YS sin likestillingspris og er tilslutta International Trade Union Confederation (ITUC), Den europeiske faglige samorganisasjon og Nordens Faglige Samorganisasjon.
Organisering
YS' øvste organ er kongressen som blir halde kvart fjerde år. Mellom kongressane blir YS styrt av eit hovudstyre der alle forbunda er representerte etter storleik.
Tidlegare bestod YS av dei fire seksjonane Privat, Finans, Kommune og Stat, som i 2003 vart erstatta av dei fem sektorane:
- YS Privat (for privattilsette medlemer)
- YS Finans (for medlemer knytte til bank/forsikring)
- YS Kommune (for kommunalt tilsette)
- YS Stat (for statstilsette)
- YS Spekter (for tilsette i bedrifter som er medlem av Arbeidsgiverforeningen Spekter)
Sektorane består av forbund med medlemer innanfor sektoren sitt område. Sektorane har ansvar for lønns- og tariffpolitikken innanfor sine område.
Medlemsforbunda i YS
Namn | Medlemer * |
---|---|
Delta | 91 500 |
Parat | 40 100 |
Finansforbundet | 32 000 |
Negotia | 21 300 |
Yrkestrafikkforbundet | 12 500 |
SAFE | 10 300 |
Befalets Fellesorganisasjon | 10 000 |
Skolelederforbundet | 4 200 |
Kriminalomsorgens Yrkesforbund | 2 000 |
STAFO | 1 900 |
Norsk Tollerforbund | 1 600 |
* Cirka medlemstal per 1. januar 2024.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Faktaboks
- Sektorkode
- 7000 Ideelle organisasjoner
- Næringskode(r)
- 94.200 Arbeidstakerorganisasjoner
Kommentarar (1)
skreiv Jon Gisle
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.