Ytre Sogn er ei norsk lokalavis for Ytre Sogn. Ho kjem ut i Høyanger i Vestland som papiravis to gonger i veka, og som dagleg oppdatert nettavis. Avisa vart starta i 1998 og er partipolitisk uavhengig. Ytre Sogn er medlem av Landslaget for lokalaviser.
Ytre Sogn (avis)
Faktaboks
- Offisielt namn
- TELL MEDIA AS
- Organisasjonstype
- Aksjeselskap
- Forretningsadresse
- Høyanger
- Dagleg leiar
- Stig Øvreås (Ansvarleg redaktør)
- Styreleiar
- Terje Søreide

Digitalt
Ytre Sogn nyttar betalingsmur for ikkje-abonnentar som vil lesa nettutgåva. Avisa byrja i 2003 med nettavis. Avisa har fleire podkastar, mellom anna «På Sida» og «Tett på».
Etablering
Ytre Sogn vart starta etter nedlegginga av Sogn Dagblad i 1997, som hadde ført til at Høyanger og distriktet Ytre Sogn stod utan eigne lokalaviser. Ytre Sogn var i starten organisert som eit aksjeselskap med Høyanger Næringsutvikling AS, Ingvald Husebø Prenteverk AS og ei foreining av dei tilsette som eigarar. Ytre Sogn fekk i 2021 Tell Media AS som eigar.
Drift
Avisa dekkjer kommunane frå Solund til Høyanger. Dette distriktet ligg også innanfor dekningsområdet til avisa Firda, som er større, og som er Ytre Sogn sin konkurrent. Ytre Sogn er først og fremst ei lokalavis med brei dekning av nyhende og samfunnsliv i nedslagsfeltet. Avisa har alltid hatt nynorsk som målform.
Avisa vart fram til 2006 trykt i Sogn Avis sitt trykkeri på Leikanger, seinare i Førde.
Opplag
Opplagstal for Ytre Sogn Avis, 1999-2023
tidspunkt | |
---|---|
1999 | 2033 |
2000 | 2060 |
2001 | 2073 |
2002 | 1996 |
2003 | 1871 |
2004 | 1852 |
2005 | 1771 |
2006 | 1742 |
2007 | 1552 |
2008 | 1666 |
2009 | 1596 |
2010 | 1647 |
2011 | 1517 |
2012 | 1556 |
2013 | 1534 |
2014 | 1556 |
2015 | 1490 |
2016 | 1457 |
2017 | 1415 |
2018 | 1379 |
2019 | 1308 |
2020 | 1227 |
2021 | 1218 |
2022 | 1262 |
2023 | 1179 |
År | Opplag |
---|---|
2000 | 2060 |
2005 | 1771 |
2010 | 1647 |
2015 | 1490 |
2020 | 1227 |
2021 | 1218 |
2022 | 1262 |
2023 | 1179 |
Til og med 2015 gjeld opplagstala berre papirutgåva. Frå 2020 reknar ein netto opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement for andre halvår, etter statistikk frå Mediebedriftenes Landsforening.
Fakta
- Ytre Sogn kom første gong ut 9. juni 1998.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- Eggum, T. (2009): På trykk. Avisene i Sogn og Fjordane 1874–2009. Førde: Selja Forlag
- Grepstad, O. (2010): Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo: Universitetsforlaget
Faktaboks
- Sektorkode
- 2100 Private aksjeselskaper mv.
- Næringskode(r)
- 58.130 Utgivelse av aviser
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.