Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Affiks er i språkvitskapen ein orddel som er lagd til rota eller stamma til eit ord, som når vi legg affiksa u- og -leg til rota ven: u-ven-leg.

Faktaboks

Uttale
affˈiks
Etymologi
av latin ‘festet til’

Vi brukar affiks i samband med bøying og avleiing. Nokre eksempel er u-, for-, -leg og -e i uforklarlege. I ein morfologisk analyse set ein som regel inn bindestrekar for å vise kva affiks eit ord inneheld: u-for-klar-leg-e.

Bøying

Substantivet fest har bøyingsformene fest, festen, festar, festane. Skilnadene på bøyingsformene kjem fram ved hjelp av dei tre bøyingsuffiksa -en, -ar og -ane. I ordet uforklarlege er -e eit bøyingsaffiks.

Avleiing

På norsk kan vi lage adjektiv mellom anna ved å leggje affikset -leg til eit substantiv:

  • fest ⇨ festleg
  • hus ⇨ husleg

I ordet uforklarlege er u-, for- og -leg avleiingsaffiks.

Affikstypar

Det finst fleire typar affiks, som har namn etter kvar dei blir lagde til i høve til rota eller stamma:

  • prefiks blir lagt til føre ei rot eller ei stamme
  • infiks blir lagt til inni ei rot
  • suffiks blir lagt til etter ei rot eller ei stamme
  • sirkumfiks har ein del som blir lagd føre og ein annan del som blir lagd til etter ei rot eller ei stamme

Prefiks

Affiksa u- og for- i u-for-klar-leg-e er prefiks. Affikset be- i be-døve ‘gjere (kroppsdel) kjenslelaus’ er eit prefiks, som her er lagt til basen (rota) døv.

Infiks

Norsk har ikkje infiks, men dei finst mellom anna i latin. Verbet rumpō ‘eg riv sund’ har rota rup, som vi mellom anna finn i perfektum partisipp ruptus ‘sundriven’. Presensforma rumpō har infikset m mellom vokalen og den siste konsonanten i rota. Vi kjenner att denne rota og dette infikset når vi samanliknar dei norske orda korrumpere og korrupt, som er lånte frå latin. For å markere at noko er eit infiks, brukar språkforskarar vinkelparentesar: ru<m>pō.

Suffiks

Affiksa -n og -e i sov-n-e ‘falle i søvn’ er suffiks. Suffikset -n er lagt til rota sov, medan -e er lagd til stamma sovn. Suffiks er den vanlegaste affikstypen i norsk.

Sirkumfiks

Norsk har heller ikkje sirkumfiks, men dei finst mellom anna i berberske språk. Det kabyliske substantivet amɣar tyder ‘gamal mann’. Når vi legg til ein t føre og ein t etter denne basen, får vi t-amɣar-t, som tyder ‘gamal kvinne’. Sirkumfikset t–…-t er den vanlege markøren for hokjønn eintal i berberske språk.

Somme reknar ge-…-en og ge–…–t i tyske perfektum partisipp som sirkumfiks: ge-fund-en ‘funne’, ge-sag-t ‘sagt’.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg