Askeerle er ein middels stor sporvefugl i erlefamilien og har naturleg utbreiing i Afrika sør for Sahara.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Motacilla capensis
- Beskriven av
- (Carl von Linné, 1766)
Som vaksen veg fuglen rundt 21 gram.
Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna ulike våtmarkshabitat, marin fjæresone (litoralsone), sanddyner, hagar og urbane område. Askeerle lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar på bakken.
I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.