Australfalk er ein liten rovfugl i falkefamilien og har naturleg utbreiing i Oseania og Asia.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Falco cenchroides
- Beskriven av
- Vigors & Horsfield, 1827
Som vaksen er fuglen ca. 30 cm lang og veg rundt 170 gram.
Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna marin fjæresone (litoralsone), kystklipper, temperert skog, dyrkbar mark og urbane område. Australfalk er ein jegar som lever av virvellause dyr (invertebratar) og små varmblodige dyr som han fangar på bakken.
I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt fire egg som blir ruga ut i løpet av ca. 26 dagar. Reira blir bygd i hôlrom.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.