Hreppur fanst allereie i fristatstida (det vil seie føre kongedømet på 1260-talet). Ein hreppur på minst 20 bønder utgjorde eit fattigdistrikt, det vil seie at desse bøndene hadde plikt til omsorg for fattige i området. Det var den minste administrative eininga på den tida.
Ordet finst også i norsk (i forma repp) og tyder då 'lita grend, bygdelag'.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.