Humaniora er fag som studerer uttrykk for menneska sine evner til å forstå, utforske og forme dei åndelege og materielle vilkåra for sine liv.
Faktaboks
- Uttale
- humaniˈora
- Også kjend som
-
humanistiske vitenskaper
Humaniora i det norske universitetssystemet omfattar fag som arkeologi, medievitskap, musikkvitskap, religionsvitskap, teatervitskap, historie, kunsthistorie, religionshistorie, idéhistorie, digital kultur, konservering, filologi, språkvitskap, litteraturvitskap, og filosofi.
Ordet humaniora kjem frå latin som del av uttrykket studia humaniora – 'Studium av meir menneskelege ting', i motsetnad til studia divinitatis – 'studium av dei guddommelege tinga'. I denne arkaiske tydinga er humaniora avgrensa til studium av latinsk og gresk språk og skriftkultur.
I nyare norsk samanheng tyder humaniora det same som humanvitskapar, humanistiske vitskapar, humanistiske fag, menneskevitskapar eller åndsvitskapar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.