Mehrisk er eit semittisk språk som høyrer til i den afroasiatiske språkfamilien. Det blir snakka av kring 130 000 menneske i Jemen, Oman og Saudi-Arabia. Språket har eit svært konservativt lydsystem, som har vore viktig i rekonstruksjonen av ursemittisk.
Mehrisk blir snakka av grovt rekna 130 000 menneske i fylket Al-Mahra i det austlege Jemen, i den vestlege delen av fylket Dhofar i Oman og så vidt over grensa til Saudi-Arabia.
Mehrisk har ingen formell status, og talarane bur i land der arabisk, som einaste offisielle språk, blir nytta i til dømes skular, administrasjon og forsvar.
Språket blir kalla mehrījǝt og mehrijōt i høvesvis vestlege og austlege jemenittiske dialektar og mǝhrajjǝt i omanske dialektar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.