Monsun er ein type vind som skiftar retning med årstida. Asia blir ramma av den sterkaste monsunen, og her fører den fuktige lufta til ei fleire månader lang regntid.
Monsun kjem av variasjon i temperaturen mellom land og hav. På våren og forsommaren går oppvarminga raskast over land. Her stig den varme lufta til vêrs, noko som fører til lågt trykk på bakkenivå. Fuktig luft strøymer deretter frå havet inn mot dette kontinentale sommarlågtrykket. Luftstraumen blir påverka av jordrotasjonen slik at når ein står med vinden i ryggen har ein lågt trykk til venstre og høgt trykk til høgre på den nordlege halvkula, og omvendt på den sørlege halvkula. Tilsvarande blir det i den kalde årstida kontinentale vinterhøgtrykk som gir tørr frålandsvind.
Opphavleg er monsun eit namn på vinden over Arabiahavet, der det blæs frå nordaust om vinteren og frå sørvest om sommaren. I meteorologien blir uttrykket også brukt om andre vindsystem som har same årsak.
Kommentarar (2)
skreiv Amalie Kvame Holm
resulterende utstrømning i høyden?
kontinentale sommerlavtrykket påvirkes av jordrotasjonen?
tørr fralandsvind?
De største årstidspregede lufttrykkvariasjonene?
nordøstpassaten?
Det ekvatoriale regnbeltet?
flere ord kan lenkes til i leksikonet
svarte Andreas Tjernshaugen
Takk for kommentar og beklager at den har blitt liggende ubesvart. Vi prøver å gjøre teksten litt lettere tilgjengelig, blant annet med flere lenker.
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.