Pluskvamperfektum blei i tradisjonell norsk skulegrammatikk nytta om verbkonstruksjonar av typen hadde sett, hadde kome og var komen — det vil seie med hjelpeverba ha eller vere i preteritum pluss eit hovudverb i perfektum partisipp.
I moderne skulegrammatikk blir denne konstruksjonen kalt preteritum perfektum.
Eit døme på bruken finn vi i denne setninga:
Då Adam kom heim, hadde Eva alt ete middag.
Adam kom heim på eit tidspunkt i fortida (det vil seie før setninga blei sagd eller skriven), til dømes klokka 17 i går ettermiddag, så verbet kom står i preteritum. Eva åt middag på eit endå tidlegare tidspunkt, og det får vi fram ved å setje verbet i pluskvamperfektum (preteritum perfektum): hadde ete.
Kommentarar (2)
skreiv Alaa Sido
svarte Anne Eilertsen
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.