Ei polar bane, er ei type satellittbane som passerer over eller nær polane til ein himmellekam. Det vil seie ein ekvatorvinkel, eller inklinasjon, på 80° – 100°. Uttrykket blir oftast brukt om satellittar som går i låg jordbane, kalla LEO.
Faktaboks
- Også kjend som
-
polbane
Ein satellitt som går i polar bane vert kalla ein polarbanesatellitt. Det finst fleire ulike undertypar polarbaner, slik som ei solsynkron bane rundt jorda. Denne typa bane vert ofte brukt av jordobservasjonssatellittar fordi ein får tilnærma like lystilhøve ved kvar passering over eit gitt område på bakken.
Også kommunikasjonssatellittar kan gå i polare baner, noko som er nødvendig for å kunne dekkje heile jorda. Satellittar som går i ekvatoriale baner – det vil seie inklinasjon nær 0° – er ikkje synlege i områda langt sør eller nord på jorda. For å ta den internasjonale romstasjonen ISS som eit døme: Han har ein inklinasjonsvinkel på ca 51,6° , som tilsvarar breiddegrada til London. På grunn av dette, er stasjonen knapt nok synleg over horisonten i størsteparten av Noreg (maksimum ca ti grader over horisonten i Trondheim). Dermed, for å kunne dekkje områder rundt polane eller her i Noreg med kommunikasjonssystem eller jordobservasjonssatellittar i låg jordbane, er det nødvendig å bruke polare baner.
For å skyte opp satellittar i polar bane er det ein fordel med ein oppskytingsbase langt nord. Andøya Spaceport er eit døme på ein slik (framtidig) base. Ved oppskyting frå basar nær ekvator må raketten motvirke fartskomponenten raketten får frå rotasjonen til jorda, og dermed bruke meir drivstoff.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.