Sørgedue er ein liten duefugl i duefamilien og har naturleg utbreiing i Mellom-, Nord- og Sør-Amerika.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Zenaida macroura
- Beskriven av
- (Carl von Linné, 1758)
Som vaksen veg fuglen rundt 120 gram.
Arten er knytt til jordbruksland, tørr tropisk skog, tørr og høgtliggjande tropisk buskmark, og ulike våtmarkshabitat. Sørgedue lever av frø som han finn på bakken og i skogen.
Hekking skjer fire gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 14 dagar. Ungane forlèt reiret om lag to veker etter klekking og blir kjønnsmodne i løpet av 15 veker.
Sørgedue lever vanlegvis i rundt 19 år, men enkelte individ kan bli opptil 31 år gamle.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.