Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Rundt i verda blir det satsa på sporveg som viktig transportmiddel i byane. Rundt 150 byar i alle verdsdelar har gjeninnført trikken sidan boomen byrja sakte i 1978. Biletet viser ein av Oslos italienske trikkar, levert mellom 1999 og 2004. Dei er toretningsvogner (med førarplass i begge endar og dører på begge sider), er 33 m lange og har fire boggiar. Trikken er utstyrte med klimaanlegg og har 88 sitjeplassar og 124 ståplassar.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk
Oslotrikken
Oslotrikken
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Trikk er ei norsk nemning for elektrisk sporvogn.

Faktaboks

Etymologi
Avledet av engelsk ‘electric (tramcar)’

Nemninga har vore vanleg i dei tre norske «trikkebyane» Oslo, Bergen og Trondheim, og dessutan i Drammen som hadde elektrisk buss (trolleybuss) frå 1909 til 1967. Der heitte selskapet Drammen Elektriske Bane, AS Trikken, seinare Drammen kommunale trikk.

Også på jernbanen har ordet «trikk» vore brukt om elektriske lok og motorvogner.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg