Tropelire er ein fugleart i stormfuglfamilien og har naturleg utbreiing i Mellom-, Sør- og Nord-Amerika, Afrika og Europa, og på det indiske subkontinentet og spreidde øyar i Stillehavet.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Puffinus lherminieri
- Beskriven av
- Lesson, R, 1839
Vaksne hannar veg rundt 130 gram og hofuglane rundt 160 gram.
Arten er tilpassa eit liv på havet (pelagisk spesialist) og er knytt til marine opne havområde og marine kysthabitat. Tropelire lever av marine virvellause dyr (invertebratar) og fisk som han dykkar etter under vatn.
Hekking skjer éin gong i året, og i løpet av hekkeperioden legg hofuglen eitt egg som blir ruga ut i løpet av ca. 51 dagar. Reira blir bygd i hôlrom. Ungane forlèt reiret om lag ti veker etter klekking.
Tropelire lever vanlegvis i rundt 19 år.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.