Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Oslo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om hovudstaden i Noreg. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Oslo (fleirtyding).
Oslo
By
Flagg
Byvåpen
Kallenamn: Tigerstaden
(Den farlege og ubarmhjertige storbyen)
Land  Noreg
Fylke Oslo
Kommune Oslo
Høgd 23 moh.
Koordinatar 59°57′N 10°45′E / 59.950°N 10.750°E / 59.950; 10.750
Areal 130,48 km²
 •  storbyområde 276,25 km²
Folketal 717 710  (2016)
 - storby 1 082 575[1]
Folketettleik 3 919 / km²
Ordførar Anne Lindboe (H)
 •  Byrådsleiar Eirik Lae Solberg (H)
Tidssone   (UTC+1)
 - Sommartid   (UTC+2)
Kart
Oslo
59°54′48″N 10°44′20″E / 59.913333333333°N 10.738888888889°E / 59.913333333333; 10.738888888889
Wikimedia Commons: Oslo
Nettstad: www.oslo.kommune.no
Oslo rådhus sett frå sørvest.
Foto: Alexander Ottesen
Karl Johans gate i Oslo sett frå slottsplassen.
Sentrale delar av Oslo sett frå Ekeberg.
Foto: J. P. Fagerback
Akershus slott og festning på austsida av Pipervika sentralt i Oslo
Foto: Hans-Petter Fjeld
Ullevaal Stadion på Sogn i Oslo er nasjonalarena for norsk fotball.
Foto: Wilhelm Joys Andersen
Nationaltheatret T-banestasjon.
Trikken er viktig i Oslo.
Tårnhuset i parken på St. Hanshaugen.
Oslo domkyrkje.
Den romersk-katolske St. Olav domkyrkje.
Muslimsk moské i Oslo.

Oslo uttale er hovudstaden og den største byen i Noreg. Byen er kommunesenter i Oslo kommune, som både er ein kommune og eit fylke. 1. januar 2024 budde det 717 710 personar i Oslo kommune, og 1 082 575 i tettstaden Oslo (2023),[1] som også strekker seg inn i kommunane Nordre Follo, Bærum, Asker, Lillestrøm, Rælingen, Lørenskog, Nittedal, og Lier.

Mellom 1624 og 1925 var namnet på Oslo Christiania. Frå 1877/1897 var namnet òg skrive Kristiania. Byen blir ved ymse høve kalla «Tigerstaden», som refererer til Oslo som den farlege og ubarmhjertige storbyen. Namnet kan førast tilbake til diktet Sidste Sang av Bjørnstjerne Bjørnson.[2]

Oslo er sete for Kongen, regjeringa og sentraladministrasjonen, Stortinget, Høgsterett og den øvste militære leiinga. Alle dei utanlandske ambassadane i Noreg ligg i Oslo. Her er også mange av dei andre sentrale statsinstitusjonane i Noreg.[3]

Mellom om lag 1040 og 1624 låg byen Oslo ved utlaupet av Alnaelva. Etter bybrannen i 1624 valde Kristian IV å gjenreise byen attom Akershus festning. Den byen vart heitande Christiania. Frå om lag 1870 vart det vanleg å skriva Kristiania. Etter som byen voks utover 1800-talet, inkluderte han òg det området som opphavleg og framleis heitte Oslo, men som vart til Gamlebyen då Stortinget i 1924 vedtok å endra namnet på heile byen til Oslo. 1. januar 1948 vart Oslo slegen saman med Aker herad, som omkransa byen.

Namneopphav

[endre | endre wikiteksten]

Namnet «Oslo» vart opphavleg brukt om tettbusetnaden på staden som vert kalla Gamlebyen.[4] I mellomalderen vart namnet skrive på norrønt mellom anna Anslo, Ásló og Ósló, og vart kjent for fyrste gong i 1225. På lågtysk vart det òg skrive Anslo, truleg for å attgje ein nasal uttale. Peder Claussøn Friis skreiv namnet som Opslo.[4][5]

Det har vore fleire ulike måtar å forklåre namnet gjennom tidene og namnets alder er ikkje kjend.[4] Claussøn Friis skreiv i Norriges beskrivelse (utgjeven i 1613) at «Oslo» kjem frå «Loens os». Denne forklåringa har vore skulelektyre i lang tid. Denne teorien er likevel tvilsam på grunn av at det fyrste skriftlege belegget for elvenamnet «Loen» er nettopp Claussøn Friis' eigne Norriges beskrivelse frå 1613 – tidlegare kjelder frå mellomalderen brukar namna «Oln» eller «Eln», og seinare «Alna» eller «Elna». Denne etymologien er òg problematisk or det språklege synspunktet – ifylgje språkforskararane skulle ledda stillast saman omvendt, altso byen måtte ha hatt namnet «Loaros», jamfor Nidaros, Røros eller Västerås, med elvenamnet som fyrsteledd i genitivform.[6]

Det siste leddet i namnet vert som vanleg tolka i ljos av det norrøne ordet lo som tyder «slette», «engslette» eller «elveslette». Det som i dag er Grønland var langgrunt sumpig område.[5] Fyrsteleddet har tydelegvis samanheng med det norrøne áss som står anten til «ås», «høgdedrag» (jf. Kjelsås, Åsane, Borås) eller til «gud». Tolkingane er dimed «åssletta» (sletta under åsen) eller «gudesletta» (sletta til gudane, til æsene). Den siste tolkninga vert argumentert for òg ved forholdet mellom den urnordiske forma *ansuR som seinare gav ås og framande skrivemåtar Anslo (på lågtysk og nederlandsk) og Ansloa eller Ansloia (på latin).[7] Ifylgje Frode Korslund er «Ósló» ei yngre form av «Ásló» som vert tolka som «sletta under åsen». Forskaren meiner at samanlikning med liknande stadnamn og forhold med lokal topografi stør denne tolkinga. Vokalane á og ó vart i mellomalderen uttalte nokso likt og overgangen frå den eine til den andre forma har hendt ved fonetisk assimilasjon av to vokalar.[4] På 1700- og 1800-talet var det vanleg å skrive namnet på gamlebyen «Opslo» eller endå «Opsloe».

Namnet Christiania

[endre | endre wikiteksten]

Etter den store bybrannen i 1624 og gjenoppbygginga på vestsida av Bjørvika fekk byen namnet Christiania etter kong Kristian IV. Frå slutten av 1800-talet vart òg skrivemåten Kristiania teken i bruk, fyrst i statlege samband frå 1877 og i kommunale frå 1897. Det vart aldri teke noka formell avgjerd om å gå over til «K» og private kunne skrive namnet på byen slik dei ville. Namnet vart forkorta Chr., Chra, Chria og Xania, i tråd med at bokstaven «X» såg mykje bruk som forkorting for «christ(i)-»/«krist(i)-», òg i personnamn i kyrkjebøker.[8]

Frå 1860-åra byrja einskilde framståande kvinner og menn å bruke Oslo i staden for Christiania, mellom anna målarinna og kvinnesaksforkjemparen Aasta Hansteen. Etter unionsoppløysinga i 1905 vart ideen om namneskifte meir aktuell. Handelsstandane i Kristiania motsette seg ideen om namneskifte og hadde fleirtalet i bystyret på sin side. Den 11. juli 1924 slog Stortinget likevel fast ved lov at hovudstaden i Noreg skulle heite Oslo frå og med 1. januar 1925. Sidan Oslo den gongen var namnet på bydelen som omfatta mellomalderbyen og takmarkene – eit område som hamna innom bygrensa ved byutvidingane i høvesvis 1859 og 1878 – måtte denne sokna få eit nytt namn. Ein valde då det uoffisielt innarbeida namnet på det gamle Oslo, Gamlebyen.[9]

Næringsliv

[endre | endre wikiteksten]

Næringslivet i Oslo brer seg utanfor grensene til Oslo kommune. I økonomisk tyding ser ein gjerne på heile byregionen som ein arbeidsmarknad med eit integrert næringsliv.

Tenesteyting er den desidert viktigaste næringa i Oslo, målt etter talet på sysselsette. Oppbygginga av statsadministrasjonen etter 1814 og byggeverksemda som følgde var sentrale drivkrefter for den sterke veksten til Oslo på 1800-talet. Etter 1950 har den statlege forvaltinga auka sterkt i Oslo, sjølv om mindre delar av statsforvaltninga er flytt ut av byen eller etablert andre stader. I motsetnad til industri og varehandel ligg ein vesentleg del av tenesteytinga i dei sentrale strøka av byen, for ein stor del i bysenteret.

Oslo er ein viktig turistby, både som inngangsport frå utlandet og som turistmål i seg sjølv. Hotella i Oslo har vesentleg høgare utnytting av kapasiteten enn hotella elles i Noreg, særleg som følgje av ein stor del kurs, konferansar og forretningsreisande, som sørgjer ein relativt jamn trafikk over heile året.[10]

Oslo vart i 2004 delt inn i 15 bydelar med kvar si forvalting og med bydelsutval oppnemnd av bystyret. Sentrum og Oslomarka står utanfor bydelsordninga, sidan desse er rekna som «fellesområde» for innbyggjarane i kommunen. Innbyggjarane her får sine tenestetilbod dekt av den nærmaste bydelen. Bydelane i Oslo er:

Alna, Bjerke, Frogner, Gamle Oslo, Grorud, Grünerløkka, Nordre Aker, Nordstrand, Sagene, St. Hanshaugen, Stovner, Søndre Nordstrand, Ullern, Vestre Aker, Østensjø

Folkesetnad og økonomi

[endre | endre wikiteksten]
  • Oslo vart utpeikt til den dyraste byen i verda i 2013.[11]
  • I tillegg til dei 15 bydelane hadde Oslo sentrum 495 innbyggjarar 1. januar 2004 og eit areal på 1.8 km².
  • Oslomarka hadde 1596 innbyggjarar 1. januar 2004 og ei flatevidd på 301.1 km².

Historiske innbyggjartal

[endre | endre wikiteksten]
1801 9 500
1825 15 400
1855 31 700
1875 76 900
1900 227 700
1925 255 700
2003 517 401

Namn og utbreiing

[endre | endre wikiteksten]
År Namn Utstrekning
<1624 Oslo Mellom Alna og Hovinbekken
1624-1794 Christiania Frå Akershus Slott til dagens Stortorg
1794-1859 Christiania Frå Pipervika til Akerselva til Kroghstøtten til Regjeringsbygget
1859-1877 Christiania Frå munninga av Frognerkilen til Vestre Aker Kirke til Sandaker til nedsida av Botanisk hage til Galgeberg til Alna
1877-1878 Kristiania (i Statsmatrikkelen), Cristiania (i kommunen) Som over
1878-1897 Kristiania (i Statsmatrikkelen), Cristiania (i kommunen) Utvida med Bjølsen, Torshov, Kampen, Vålerenga og Gamlebyen
1897-1924 Kristiania Som over
1924-1946 Oslo Som over
1946-1948 Oslo Etterstad blir med
1948-1980 Oslo Resten av Aker blir med
1980 Oslo Tangerud blir innlemma

I Oslo ligg Universitetet i Oslo, som er Noregs eldste og største universitet, grunnlagt i 1811. Av andre høgare utdanningsinstitusjonar kan nemnast Norges veterinærhøgskole, Menighetsfakultetet, Kunsthøgskolen i Oslo, Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo, Norges musikkhøgskole, Norges idrettshøgskole, og Høgskolen i Oslo med ei rekke utdanningstilbod, mellom anna lærar-, førskolelærar-, journalist- og fysioterapiutdanning. Oslo har også ei rekke andre private og offentlege utdanningsinstitusjonar, mellom anna Handelshøyskolen BI.

I Oslo finst det 111 barneskolar, 50 ungdomsskolar, 27 vidaregående skolar, 6 skolar med voksenopplæring og 14 spesialskolar (per 2016). 37 skolar har spesialgrupper. I tillegg kjem ei rekke private skolar av ulike slag.[12] Det finst ein folkehøgskole i Oslo, Rønningen folkehøgskole, som er eigd av Norges KFUK-KFUM.

Oslo har tre faste teater: Det Norske Teatret, Nationaltheatret og Oslo Nye Teater. Den Norske Opera & Ballett held til i Operahuset i Bjørvika. Revyteatera Chat Noir og Edderkoppen blir brukte til revyoppsettingar, medan Chateau Neuf er blitt brukt til musikkspel. På Rodeløkka finst ei fast scene for frie grupper, Black Box. Den Gamle Logen er restaurert og blir mellom anna brukt som konsertlokale. Oslo-Filharmonien gir sine konsertar i Oslo Konserthus. Større konsertar og sportsarrangement blir lagt til i Oslo Spektrum. Oslo Kino (tidlegare Oslo Kinematografer) har 7 kinoar med til saman 26 salar. I tillegg finst kinoen Soria Moria med 2 salar som blir drivne av Norsk Kinodrift (per 2008).

Verdt å sjå i Oslo

[endre | endre wikiteksten]

Oslo har ei rekke monument av bygnings- og kulturhistorisk art. Av monumentalbygningar i sentrum av byen og indre by kan nemnast Frogner hovedgård (1790-åra), Oslo Børs (1820-åra), Slottet (1820–1840-åra), Stortinget (oppført 1861–66), lystslottet Oscarshall (1847–52), Bygdøy kongsgård (1732) og Bogstad gård (omkring 1800) i ytre by vest. Til dei viktigaste kunstsamlingane høyrer Vigelandsanlegget på Frogner, Munchmuseet på Tøyen og Nasjonalgalleriet. Mange av kyrkjene i Oslo har også særmerkte kunstneriske utsmykkingar. Museet for Samtidskunst held til i Norges Banks tidlegare lokale (oppført 1906). Gamle Aker kyrkje, truleg frå første halvdel av 1100-talet, er mellom dei eldste kyrkjene i Oslo og er den eldste beståande bygninga i byen. Akershus festning, frå inngangen til 1300-talet, er eit viktig historisk minnesmerke, og rommar dessutan Noregs heimefrontmuseum og Forsvarsmuseet. I Holmenkollåsen ligg Holmenkollbakken og Skimuseet, på Ekeberg finst helleristingar og offergroper. På Bygdøy ligg i alt fem museum: Norsk Folkemuseum, Vikingskipshuset, Kon Tiki-museet, Polarskipet Fram og Norsk Sjøfartsmuseum. Oslo bymuseum (Hovedstadsmuseet) ligg på Frogner hovedgård. Byen har også ei rekke kunst- og kulturhistoriske spesialmuseum og museum for naturvitskap og teknikk, mellom anna Norsk Teknisk Museum på Kjelsås.[12]

Kjende personar frå Oslo

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2015.
  2. «tigerstden». Store norske leksikon. 23.01.2013. Henta 11. september 2016. 
  3. «Oslo – administrasjon». Store norske leksikon. 26.09.2011. Henta 11. september 2016. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Korslund, Frode (2011): Navnet Oslo. Namn och bygd, årgang 99, s. 87-93.
  5. 5,0 5,1 Thuesen, Nils Petter (1995). Oslo før Oslo: Oslos forhistorie. Pax. ISBN 8253017499. 
  6. Nedkvitne, Arnved (2000). Middelalderbyen ved Bjørvika: Oslo 1000-1536. Cappelen. ISBN 8202191009. 
  7. Wetås, Åse (2000): Namneskiftet Kristiania – Oslo. side 51–75. – Novus forlag, Oslo. ISBN 82-7099-325-5.
  8. «Eksempel på bruk av Kristiania og Xania om hverandre». ellisislandrecords.org (på engelsk). The Statue of Liberty-Ellis Island Foundation, Inc. Henta 2. juni 2009. [daud lenkje]
  9. Bård Alsvik: ««Oslo leve!» – Om navneendringen fra Kristiania til Oslo», Tobias 2001/1
  10. «Oslo – næringsliv». Store norske leksikon. 17. juni 2009. Henta 11. september 2016. 
  11. Jonas Sæthre: «No er Oslo den dyraste byen på planeten», nrk.no 21. juni 2013
  12. 12,0 12,1 «Oslo – offentlige institusjoner og kultur». Store norske leksikon. 26. august 2016. Henta 11. september 2016. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Oslo
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.