
Singapore
Faktaboks
- Hovudstad
- Singapore
- Innbyggjartal
- 3,99 millioner
- Storleik
- 718 km²
- Statsform
- republikk
- Statsoverhovud
- president Tharman Shanmugaratnam
- Språk
- kinesisk, malayisk, tamil, engelsk
- Nasjonaldag
- 9. august
- Valuta
- singaporsk dollar


Singapore (mørkegrønt) ligg i Asia (lysegrønt).
Natur og klima

Singapore og nabolanda
Singapore består av éi hovudøy og 62 mindre øyar. Det er to bruer til fastlandet i nord. Landet er litt større enn Oslo i storleik.
Mesteparten av landet er flatt. Det høgaste punktet ligg 163 meter over havet. Dei få områda med skog ligg i naturreservat.
Singapore botaniske hage er den einaste tropiske hagen i verda som står på UNESCOs verdsarvliste. Det lever fleire aper, flaggermus, slangar og meir enn 130 fugleartar i landet.
Mesteparten av straumen og energien kjem frå fossilt brennstoff, som naturgass.
Singapore har tropisk klima med varmt vêr hele året. I periodar regnar det mykje i området.
Folk og kultur
Kinesarar er den største folkegruppa i landet. Det bur også mange malayar og indarar i Singapore. Dei fleste menneska bur i hovudstaden Singapore.
Heile befolkninga bur i byar. Engelsk, kinesisk, malayisk og tamil er offisielle språk i landet. Buddhisme er den største religionen. Det er også mange kristne og muslimar i landet.
Grunnskulen er gratis, og alle barn må gå på skule frå dei er 6 til 17 år. Det blir undervist mest på engelsk i skulen. Det finst både offentlege og private universitet, i tillegg til mange høgskular, i landet.
Politikk og økonomi
Singapore er ein republikk med president som statsoverhovud. Det er statsministeren og regjeringa som styrer landet. Det same politiske partiet i landet har hatt makta sidan 1959.
Myndigheitene har blitt kritiserte for at både media og internett blir overvaka og kontrollerte.
Mange menneske i Singapore arbeider med handel, økonomi og turisme. Landet har ein moderne og variert industri, og tener pengar på å mellom anna selje elektronikk og medisinar til andre land.
Singapore er medlem av mellom anna FN, Verdsbanken og Samveldet av nasjonar.
Historie
Allereie frå 200-talet var Singapore eit senter for handel mellom fleire store rike i området.
I 1819 blei Singapore eit viktig senter for handel for Storbritannia. Frå 1826 var Singapore ein britisk koloni. Utover på 1800-talet blei Singapore den viktigaste handelsbyen i Søraust-Asia.
Under andre verdskrigen blei øya okkupert av Japan. I 1959 fekk øya meir sjølvstyre, før Singapore blei ein sjølvstendig republikk i 1965.
I 2017 ble Halimah Yacob vald som den første kvinnelege presidenten i landet. I dag er Singapore eit av dei landa med høgast inntekt i verda.