Asteroide er ein liten, klumpete himmellekam, som går i bane rundt Sola.

asteroide

Ni ulike asteroidar. Biletet viser kor ulike asteroidar kan vere i storleik og form. Vesta er den største himmellekamen som blir rekna som asteroide.
Asteroidar i solsystemet
Astronomar har sett over ein million asteroidar i solsystemet. Dei fleste av desse asteroidane er i asteroidebeltet mellom Mars og Jupiter. Nokre asteroidar har månar rundt seg.
Asteroidane blei danna samtidig med resten av solsystemet, for rundt 4,6 milliardar år sidan. Asteroidane har ikkje endra seg noko særleg sidan den gong. Asteroidar kan derfor fortelje astronomar om korleis forholda var i solsystemet då det blei til.
Asteroidar nær Jorda
Av og til kjem asteroidar svært nær Jorda. Desse blir kalla jordnære asteroidar. Ein kan følgje med på slike asteroidar, ved hjelp av teleskop på bakken og i verdsrommet.
Det er veldig sjeldan at asteroidar fell ned på Jorda. For 66 millionar år sidan trefte ein asteroide Jorda, og denne utsletta dinosaurane og mange andre dyr og planter.
Romferder til asteroidar
Fleire romfartøy har reist til asteroidar, for å ta nærbilete av dei. Nokre romfartøy har landa på asteroidar og teke med seg steinprøver tilbake til Jorda att. Eitt romfartøy har også blitt krasja inn i ein asteroide, for å sjå om det går an å endre bana til ein asteroide på denne måten.