Trua artar er artar som står i fare for å bli utrydda. Det betyr at det nesten ikkje er nok dyr, planter eller andre organismer att av arten, som kan forplante seg.
Den viktigaste årsaka til utrydding er at menneske byggjer i områda der artane lever. Det skjer til dømes, når det blir bygd nye hus og hytter, vegar, hamner eller stader for landbruk eller kraftproduksjon.
Andre grunnar til at artar blir trua er klimaendringar, forureining eller at menneske plukkar eller jaktar for mykje på dei.