Etter Onkel ingeniør fortæller (1923) kom skrifter som Skibsbygning og sjøfart, Flyvning og luftfart, Store norske ingeniørarbeider, Fra kvernkall til kjempeturbin. Her pusta han liv inn i både fag og fagmiljø. Brochmann skreiv i ei tid då den teknologiske framtidsoptimismen rådde grunnen, og personifiserer gjenreisingsideologien etter andre verdskrigen. Ved sida av fleire skrifter for Opplysningskomiteen for gjenreisingsarbeidet gav han i 1947 ut ei populær framstilling av verksemda ved NTH i Trondheim: Hvor Norges fremtid bygges. Samstundes arbeidde han med omsetjinga av Vidunderlige nye verden av Aldous Huxley (1948).
Det første store arbeidet hans var seksbandsverket De store opfindelser. Forskning og fremskridt. I ein seinare populærfilosofisk trilogi fekk han bruk for all sin endelause kunnskap, nyfiken og menneskekjær som han var. I dei tre bøkene Mennesket og maskinen, Mennesket og lykken og Mennesket og evigheten prøvde han å sameine både astronomi, fysikk og psykologi i eit ikkje heilt vellykka forsøk på å forme ein avklarande heilskap. Men titlane viser at naturvitskapsmannen og ingeniøren etter kvart også gav hjarterom for humanistiske perspektiv. Slik var han ein skribent på ytterpost, ein som udogmatisk søkte mot ny erkjenning og som utvikla sin eigen skrivestrategi. Først forklarte han stoffet populærvitskapleg gjennom avisartiklar, så utdjupa han resonnementa i tidsskriftartiklar før han arbeidde seg fram mot ei meir samla framstilling i bokform. Sjølv om boka var det viktigaste mediet hans, gjorde han seg difor gjeldande i både blad og aviser. Han var mellom anna knytt til Dagbladet i ein lengre periode i 1920-åra, og frå 1937 til 1939 var han redaktør i NRK-programbladet Hallo-Hallo!
Brochmann skreiv også fleire skjønnlitterære bøker, helst skodespel, men desse var mindre viktige enn sakprosaskriftene hans både i samtid og ettertid. Den skjønnlitterære forfattarskapen førte han inn i Den norske Forfatterforening. Der var han ein aktiv nestformann frå 1938 til 1945. Tyskarane arresterte Brochmann like før jul 1944, og han blei sitjande fengsla på Grini til maifreden i 1945. Innsikta frå foreiningsarbeidet kom godt med då han skreiv Den norske Forfatterforening gjennom 50 år. Manuskriptet var ferdig sumaren 1945, men usemje blant forfattarar som las det, førte til at det først blei utgitt posthumt i 1952.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.