Albumet Hotel California
Hotel California Studioalbum av Eagles | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 8. desember 1976 | |
Innspelt | Mars–oktober 1976 | |
Studio | Criteria Studios i Miami og Record Plant Studios i Los Angeles | |
Sjanger | ||
Lengd | 43:28 | |
Selskap | Asylum | |
Produsent | Bill Szymczyk | |
Eagles-kronologi | ||
---|---|---|
Their Greatest Hits (1971–1975) (1976) |
Hotel California | The Long Run (1979) |
Singlar frå Hotel California | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Robert Christgau | (B)[2] |
Rolling Stone | (positiv)[3] |
Rolling Stone | (positiv)[4] |
Hotel California er det femte studioalbumet til amerikansk rockeband Eagles, gjeve ut på Asylum seint i 1976. Det er det første Eagles-albumet utan den opphavlege medlemmen Bernie Leadon og det første med gitaristen Joe Walsh. Det er òg det siste Eagles-albumet med bassisten Randy Meisner. Albumet vart det bestseljande studioalbumet deira med over 16 millionar eksemplar i USA aleine og 32 millionar eksemplar verda over. Albumet toppa listene og vann Grammy-prisen to gonger for «Hotel California» og «New Kid in Town». Albumet vart nominert til årets album, men tapte for Fleetwood Mac sitt Rumours.
Albumet inneheld tre topp 20-singlar, «New Kid in Town», «Hotel California» og «Life in the Fast Lane». «New Kid in Town» og «Hotel California» toppa begge Billboard Hot 100, og «Life in the Fast Lane» nådde 11. plassen på lista. Albumet vart rangert på 37. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidende. Albumet stadfesta gruppa som eit av dei mest populære, amerikanske banda i 70-åra. Songen «Hotel California» vert av mange rekna som den beste rockesongen gjennom tidende og vart av Rolling Stone plassert på 49. plass på lista deira over dei 500 beste songane gjennom tidende. Gitarduetten mot slutten av songen vart framført av Don Felder og Joe Walsh. Albumet inneheld òg «Wasted Time», «Victim of Love» og «The Last Resort».
Historie
[endre | endre wikiteksten]Hotel California var det femte studioalbumet til Eagles med originale songar og vart ein stor kritikar- og salssuksess etter det kom ut seint i 1976. Det har seld over 16 millionar eksemplar i USA aleine, der det låg på toppen av albumlista i åtte veker tidleg i 1977, og to av songane på albumet nådde førsteplassen av singellista i USA: «New Kid in Town» den 26. februar 1977, og «Hotel California» den 7. mai 1977.
I 2001 sette VH1 Hotel California på 38. plass på lista si over dei 100 beste albuma gjennom tidende. I ei folkeundersøking til den britiske TV-kanalen Channel 4 på 13. plass på ei liste over dei 100 beste albuma gjennom tidene, og i 2003 sette Rolling Stone albumet på 37. plassen.[5]
Medan Eagles spelte inn albumet, spelte Black Sabbath inn albumet Technical Ecstasy i nabostudioet i Criteria Studios i Miami. Eagles måtte fleire gonger ta ein pause fordi Black Sabbath spelte så høgt at lyden kom gjennom veggen.[6]
Medlemmar av Eagles har skildra albumet som ein metafor for den oppfatta nedgangen i Amerika til materialisme og dekadanse.I eit intervju med det nederlandske magasinet ZigZag kort tid før albumet kom ut, sa Don Henley:
« | Dette er eit konseptalbum, det er ikkje noko tvil om det, men [i motsetnad til Desperado frå 1973] er det ikkje sett til den gamle Vesten, cowboysaken. Det er meir urbant denne gongen. Landet er 200 år gammalt i år, så me fann ut at sidan Eagles og ørna (Eagle) er nasjonalsymbolet vårt, lagde med eit liten jubileumsbodskap med California som eit mikrokosmos for heile USA, eller heile verda, om du vil, og me prøver å vekkje folk og sei 'Me har gjort det greit så langt, i 200 år, men me forandre oss om me framleis skal vere her.’ | » |
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Albumet har alltid fått god kritikk hos musikkpressa. I meldinga si for AllMusic skreiv William Ruhlmann om albumet at «tidleg i karrieren deira verka Eagles aldri å få til musikk som var stor nok for ambisjonane deira. Etter dei endre produsent og personell auka kreativiteten og Hotel California avdekte det som verka som eit heilt nytt band. Det var eit band som kunne vere bombastisk, men laga òg musikk som sidan kunne få merkelappen «classic rock,» musikk for store arenaer og stadion der bandet spelte.»[7]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | solovokal | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Hotel California» | Don Felder, Don Henley, Glenn Frey | Don Henley | 6:30 |
2. | «New Kid in Town» | Henley, Frey, J.D. Souther | Glenn Frey | 5:03 |
3. | «Life in the Fast Lane» | Henley, Frey, Joe Walsh | Don Henley | 4:46 |
4. | «Wasted Time» | Henley, Frey | Don Henley | 4:55 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | solovokal | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Wasted Time (Reprise)» | Henley, Frey, Jim Ed Norman | instrumental | 1:22 |
2. | «Victim of Love» | Felder, Henley, Frey, Souther | Don Henley | 4:11 |
3. | «Pretty Maids All in a Row» | Walsh, Joe Vitale | Joe Walsh | 3:58 |
4. | «Try and Love Again» | Randy Meisner | Randy Meisner | 5:10 |
5. | «The Last Resort» | Henley, Frey | Don Henley | 7:28 |
Total lengd: | 43:28 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Eagles
- Don Felder – gitarar, pedalsteelgitar, vokal
- Glenn Frey – gitarar, piano, clavinet, synthesizer, vokal
- Don Henley – trommer, perkusjon, vokal
- Randy Meisner – bassgitar, gitarrón, vokal
- Joe Walsh – gitarar, slidegitar, elektrisk piano, organ, synthesizer, vokal
- Produksjon
- Bill Szymczyk – produsent
- Allan Blazek, Bruce Hensal, Ed Mashal, Bill Szymczyk – lydteknikarar
- Bill Szymczyk – miksing
- Jim Ed Norman – strykearrangement, dirigent
- Sid Sharp – konsertmeister
- Don Henley, John Kosh – kunstnarisk leiing
- John Kosh – design
- David Alexander – fotografi
- Kosh – kunst
- Norman Seeff – plakatdesign
- Ted Jensen – mastering and remastering
- Lee Hulko - original mastering
Lister
[endre | endre wikiteksten]Liste | Plassering |
---|---|
Australian Kent Music Report[9] | 1 |
Austerrike[10] | 9 |
Canadian RPM Album Chart[11] | 1 |
Nederland[12] | 1 |
Frankrike - SNEP[13] | 2 |
Italia[14] | 12 |
Japan - Oricon[15] | 2 |
New Zealand[16] | 1 |
Noreg - VG-lista[17] | 1 |
Sverige[18] | 3 |
UK Album Chart[19] | 2 |
US Billboard 200[20] | 1 |
Vest-Tyskland - Media Control[21] | 3 |
Årslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1976) | Plassering |
---|---|
Australian Album Chart[9] | 59 |
Liste (1977) | Plassering |
Australia[9] | 4 |
Austerrike[22] | 12 |
Canadian Album Chart[23] | 2 |
Nederland[24] | 1 |
Frankrike[25] | 5 |
Italia[14] | 45 |
Japan[26] | 2 |
UK Album Chart[27] | 9 |
US Billboard 200[28] | 4 |
Liste (1978) | Plassering |
Nederland[29] | 76 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hotel California (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 16. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Ruhlmann, William. «Hotel California - Eagles". AllMusic. Henta 11. oktober 2012.
- ↑ Christgau, Robert. «Hotel California». Robert Christgau. Henta 11. oktober 2012.
- ↑ Hotel California. Rolling Stone. 24. februar 1977.
- ↑ «37) Hotel California - The Eagles - RS 233". Rolling Stone. 1. november 2003.
- ↑ «News». Rolling Stone. 23. desember 2011. Arkivert frå originalen 28. april 2007. Henta 27. desember 2011.
- ↑ Iommi, Tony (2011). Iron Man: My Journey Through Heaven and Hell with Black Sabbath. Da Capo Press. ISBN 978-0-30681-9551.
- ↑ http://www.allmusic.com/album/hotel-california-mw0000189884
- ↑ «Eagles - Hotel California - Discogs». discogs. Henta 17. august 2015.
- ↑ 9,0 9,1 9,2 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ «austriancharts.at Eagles – Hotel California» (ASP). Hung Medien (på tysk). Henta 16. oktober 2015.
- ↑ «Top Album/CDs - Volume 27, No. 1» (PHP). RPM. 2. april 1977. Henta 16. oktober 2015.
- ↑ «dutchcharts.nl Eagles – Hotel California» (ASP). Hung Medien (på nederlandsk). MegaCharts. Henta 16. oktober 2015.
- ↑ «InfoDisc : Tous les Album classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen 15. februar 2012. Henta 16. oktober 2015.
- ↑ 14,0 14,1 «Hit Parade Italia – Gli album più venduti del 1977» (på italiensk). hitparadeitalia.it. Henta 16. oktober 2015.
- ↑ Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970-2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9.
- ↑ «charts.org.nz Eagles – Hotel California». Hung Medien. Recording Industry Association of New Zealand. Arkivert frå originalen (ASP) 20. desember 2015. Henta 16. oktober 2015.
- ↑ «norwegiancharts.com Eagles – Hotel California» (ASP). Hung Medien. VG-lista. Henta 16. oktober 2015.
- ↑ «swedishcharts.com Eagles – Hotel California» (ASP) (på svensk). Henta 16. oktober 2015.
- ↑ «Eagles > Artists > Official Charts». UK Album Chart. Henta 16. oktober 2015.
- ↑ «allmusic ((( Hotel California > Charts & Awards > Billboard Album )))». allmusic.com. Henta 16. oktober 2015.
- ↑ «Album Search: Eagles – Hotel California» (ASP) (på tysk). Media Control. Henta 16. oktober 2015.
- ↑ «Austriancharts.at - Jahreshitparade 1977» (på tysk). Hung Medien. Henta 3. juli 2013.
- ↑ «RPM Top 100 Album of 1977». RPM. 31. desember 1977. Henta 3. juli 2013.
- ↑ «Dutch charts jaaroverzichten 1977». Dutchcharts.nl. Henta 24. april 2014.
- ↑ «Les Album (CD) de 1977 par InfoDisc» (PHP) (på fransk). infodisc.fr. Henta 3. juli 2013.
- ↑ ????????????? 1977?(??52?) [Japanese Year-End Album Chart 1977] (på japansk). Oricon. Arkivert frå originalen 5. desember 2012. Henta 3. juli 2013.
- ↑ «Everyhit.com UK Year-End Album Charts». Henta 3. juni 2011.
- ↑ «Top Pop Album of 1977». billboard.biz. Henta 3. juli 2010.
- ↑ «Dutch charts jaaroverzichten 1978». Dutchcharts.nl. Henta 24. april 2014.
119: Stand! Sly and the Family Stone |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2020 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 118 Hotel California The Eagles |
117: Late Registration Kanye West |
38: The Anthology Muddy Waters |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2012 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 37 Hotel California Eagles |
36: Tapestry Carole King |
- Eagles-album
- Musikkalbum frå 1976
- Elektra Records-album
- Asylum Records-album
- Oppdikta hotell
- Album produserte av Bill Szymczyk
- Nummer-ein-album i USA
- Album på toppen av VG-lista
- Nummer-ein-album i Australia
- Nummer-ein-album i Canada
- Nummer-ein-album i Nederland
- Nummer-ein-album i New Zealand
- Plateomslag av John Kosh
- Beste album gjennom tidene Rolling Stone 2012
- Beste album gjennom tidene Rolling Stone 2020