Benin
République du Bénin
(norsk: Benin, beninsk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «L'Aube Nouvelle» | ||||||
Motto | Fraternité, Justice, Travail (Brorskap, rettferd, arbeid) | ||||||
Offisielle språk | Fransk | ||||||
Hovudstad | Porto-Novo, Cotonou¹ | ||||||
Styresett |
Republikk Yayi Boni | ||||||
Flatevidd – Totalt |
112 622 km² (101.) | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Folketeljing (2002) – Tettleik |
11 038 805 (87.) 6 769 914² 98 /km² (86.) | ||||||
Sjølvstende frå Storbritannia |
1. august 1960 | ||||||
Nasjonaldag | 1. august | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
21 160 mill. USD (137.) 2 000 USD (173.) | ||||||
Valuta | CFA-franc | ||||||
Tidssone | UTC +1 | ||||||
Telefonkode | +229 | ||||||
Toppnivådomene | .bj | ||||||
¹Regjeringssete |
Benin er ein republikk i Vest-Afrika som fram til 1975 vart kalla Dahomey. Landet har Nigeria og Togo som naboar i aust og vest, med kortare grenser til Burkina Faso og Niger i nord. Ei smal kystline mot Beninbukta finst i sør.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Benin utgjer ei smal nord-sørgåande stripe i Vest-Afrika. Det ligg mellom 6° 13°N og 0° og 4°A. Landet grensar til Togo i vest, Burkina Faso og Niger i nord, Nigeria i aust og har kyst mot Beninbukta i sør. Avstanden frå Nigerelva i nord til Atlanterhavet i sør er rundt 650 km. Kystlina er rundt 121 km lang, men landet på sitt breiaste er rundt 325 km. Benin omfattar fire økoregionar: Austguineansk skog, nigeriansk låglandsskog, guineansk skog-savanne-mosaikk og vestsudansk savanne.[1]
Terrenget er for det meste flate sletter, med nokre åsar og låge fjell. Landskapet nær kysten er myrlendt med vatn og lagunar. Lengre inn i landet ligg platå med skog og savanne som blir delte av nord-sørgåande dalar langs elvene Couffo, Zou og Ouémé. Langs grensa i nordvest og inn i Togo ligg fjellkjeda Atacora. Det høgste punktet i landet er Mont Sokbaro med 658 moh.
Klima
[endre | endre wikiteksten]Kystområda av Benin har to regntider, ein frå april til juli, og den andre frå september til november. Dei nordlege områda har tørketid frå oktober til april, og temperaturane kan i denne tida bli ganske så høge, men med relativt låg fukt. Den støvete harmattan-vinden bles derimot frå nordaust. Frå desember til februar kan harmattanvinden påverke heile landet, bortsett frå eit smalt område ved kysten. Kyststrøka har stort sett sørvestleg vind.
På kysten er det minst sannsyn for regn frå desember til februar. Kysten er litt tørrare enn områda like innanfor på grunn av dei same årsakene som gjer at kysten av Ghana er tørr. I hovudsak kjem dette av kalde havstraumar utanfor kysten og at den sørvestlege vinden er kystparallell. Cotonou, som ligg på kysten, har ein årleg nedbørsnormal på 1327 mm.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Det historiske kongeriket Dahomey hadde senter i dagens Benin. Dette dekte store delar av Vest-Afrika på 1600-talet, og dreiv mellom anna slavehandel med europearar. Kystområdet i landet var kjent som Slavekysten.
Frå 1700-talet tok riket til å veiknast, og Frankrike tok det over som koloni i 1892. Det fekk sjølvstyre i 1958 som Dahomeyrepublikken, og fullt sjølvstende i august 1960.
Etnisk strid og fleire statskupp prega dei neste tolv åra. Etter at tre stridande partar hadde gått saman om å danna eit styringsråd i 1970, blei dei rivne frå makta i 1972 av Mathieu Kérékou. Han etablerte eit marxistisk styre, og gav landet det nye namnet Benin i 1975. I 1979 blei det første valet halde. Kérékou blei stemd ut i 1991 til fordel for den tidlegare statsministeren Nicephore Soglo. Dette var den fyrste vellukka overgangen frå diktatur til demokrati i Afrika.
I 1996 blei Kérékou vald til president igjen, med gjenval i 2001.
Samfunn
[endre | endre wikiteksten]Politikk
[endre | endre wikiteksten]Landet er republikk med fleirpartisystem. Det gjekk vekk frå den offisielle lina med marxist-leninisme i 1989. Røysteretten er allmenn frå fylte 18 år, og val til nasjonalforsamlinga blir haldne kvart fjerde år. Presidenten leiar staten og regjeringa. I følgje grunnlova frå 1990 kan ein president sitja ved makta i maks to periodar.
Religion
[endre | endre wikiteksten]Ved folketeljinga i 2013 var 48,5 % av innbyggjarane i Benin kristne (25,5 % katolikkar, 6,7 % Celestial Church of Christ, 3,4 % metodistar, 12,9 % andre), 27,7 % var muslimar, 11,6 % utøvde vodun, 2,6 % prastisert andre lokale tradisjonelle religionar, 2,6 % hadde andre religionar att, og 5,8 % hadde inga religiøs tilknyting.[3][4]
Administrativ inndeling
[endre | endre wikiteksten]Benin er inndelt i 12 departement:
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]Økonomien er underutvikla, og baserer seg på jordbruk, bomullsproduksjon og regional handel. Vekst i økonomien i seinare år har vorte oppvege av auka i folketalet.
Folkesetnad
[endre | endre wikiteksten]Dei fleste av dei 11 485 000 innbyggjarane i Benin bur sør i landet. Folkesetnaden er ung, med ein forventa levealder på 62 år.[5] Det finst rundt førti ulike folkegrupper i landet. Den største er fonfolk, som utgjer rundt 49 % av innbyggjarane. Andre større grupper er adja-, joruba-, somba og baribatalarar. Statsspråket fransk blir hovudsakleg tala i byane.
AIDS held døydelegheita kunstig høg.
Kultur
[endre | endre wikiteksten]Ein trur at voodoo stammar frå Benin og vart overført til Brasil, Karibia og delar av Nord-Amerika med slavehandelen. Cirka 70 % av folkesetnaden i landet praktiserer denne religionen, som sidan 1992 har vore anerkjent som ein av dei offisielle religionane.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Dinerstein, Eric; Olson, David; Joshi, Anup; Vynne, Carly; Burgess, Neil D.; Wikramanayake, Eric; Hahn, Nathan; Palminteri, Suzanne; Hedao, Prashant; Noss, Reed; Hansen, Matt; Locke, Harvey; Ellis, Erle C; Jones, Benjamin; Barber, Charles Victor; Hayes, Randy; Kormos, Cyril; Martin, Vance; Crist, Eileen; Sechrest, Wes; Price, Lori; Baillie, Jonathan E. M.; Weeden, Don; Suckling, Kierán; Davis, Crystal; Sizer, Nigel; Moore, Rebecca; Thau, David; Birch, Tanya; Potapov, Peter; Turubanova, Svetlana; Tyukavina, Alexandra; de Souza, Nadia; Pintea, Lilian; Brito, José C.; Llewellyn, Othman A.; Miller, Anthony G.; Patzelt, Annette; Ghazanfar, Shahina A.; Timberlake, Jonathan; Klöser, Heinz; Shennan-Farpón, Yara; Kindt, Roeland; Lillesø, Jens-Peter Barnekow; van Breugel, Paulo; Graudal, Lars; Voge, Maianna; Al-Shammari, Khalaf F.; Saleem, Muhammad (2017). «An Ecoregion-Based Approach to Protecting Half the Terrestrial Realm». BioScience 67 (6): 534–545. ISSN 0006-3568. PMC 5451287. PMID 28608869. doi:10.1093/biosci/bix014.
- ↑ «Benin - the World Factbook». Henta 6. november 2008.
- ↑ «PRINCIPAUX INDICATEURS SOCIO DEMOGRAPHIQUES ET ECONOMIQUES» (PDF). www.insae-bj.org (på fransk). INSTITUT NATIONAL DE LA STATISTIQUE ET DE L’ANALYSE ECONOMIQUE.
- ↑ International Religious Freedom Report 2007: Benin . United States Bureau of Democracy, Human Rights and Labor (14. september 2007). This article incorporates text from this source, which is in the public domain.
- ↑ Benin. CIA World Factbook.
- Denne artikkelen bygger på «Benin» frå Wikipedia på engelsk, den 22. februar 2022 og 6. mars 2006.