Nigeria
Federal Republic of Nigeria
(norsk: Nigeria, nigeriansk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Arise Oh Compatriots, Nigeria's Call Obey» | ||||||
Motto | Peace and Unity, Strength and Progress ('Fred og eining, styrke og framsteg') | ||||||
Offisielle språk | Engelsk | ||||||
Hovudstad | Abuja | ||||||
Styresett |
Republikk Bola Tinubu | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
923 768 km² (31.) 1,4 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
190 632 261 (7.) 206,4 /km² (49.) | ||||||
Sjølvstende frå Storbritannia |
1. oktober 1960 | ||||||
Nasjonaldag | 1. oktober | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
1 105 000 mill. USD (21.) 6 800 USD (128.) | ||||||
Valuta | Naira | ||||||
Tidssone | UTC +1 | ||||||
Telefonkode | +234 | ||||||
Toppnivådomene | .ng
|
Nigeria er ein republikk i Vest-Afrika, og det folkerikaste landet i Afrika med opp mot 130 millionar innbyggjarar. Landet grensar til Niger i nord, Benin i vest, Tsjad i nordaust og Kamerun i søraust. Den tidlegare britiske kolonien har vore demokratisk sidan 1999 etter seksten år med ulike militærdiktatorar og kupp.
Landet har fått namn etter elva Niger, som er den lengste i landet, sett saman med area (engelsk for 'område'). Dette namnet blei føreslått av koloniredaktøren Flora Shaw i The Times i 1897.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Nigeria dekkjer 923 768 km²,[1] og er det 32. største landet i verda. Det ligg nord for Guineabukta, i det vestlege Afrika. Den sørlege delen av Nigeria består av lågland med tropisk klima, mykje nedbør og regnskog. Den nordlege halvdelen av Nigeria består av høgland og tørre savannar. Ein del av Saharaørkenen ligg i det nordlege Nigeria. Dei større byane og mesteparten av folkesetnaden er sør i landet.
Nigeria er grovt sett delt i tre av elvene Niger og Benue, som kjem inn i landet frå høvesvis nordvest og aust og møter kvarandre i midten. I nærleiken av hovudstaden Abuja samlar elvene seg og renn saman ut i Guineabukta ved Nigerdeltaet.
Det høgaste punktet i Nigeria er Chappal Waddi på 2 419 meter, nær grensa mot Kamerun.
Klima
[endre | endre wikiteksten]Nigeria har eit klima som liknar Guineakystlanda i vest, der den intertropiske konvergenssona fører til regntid når ho flyttar seg nordover (mars-mai) og sørover igjen (oktober-desember). Berre dei nordlegaste områda, Sahelområdet, har savanneklima, med middeltemperaturar 30–35 °C i mars–april, som er dei varmaste månadene. I januar–februar er middeltemperaturane 20–24 °C. Årsnedbøren her er 500-1000 mm.
Låglandet rundt Nigerdeltaet har rundt 3000 mm i året og ein årsmiddeltemperatur kring 27 °C, men somme stader kan få nær 4000 mm. Det regner mest august–oktober, minst desember–februar. Lagosområdet får minst nedbør av kystområda, men den høge fukta i samband med høge temperaturar, gjev eit klamt klima. Store delar av landet, og særleg dei nordlege områda, blir råka av den nordaustlege harmattanvinden kvar vinter. Den kan føre med seg mykje støv og sand som set ned sikta.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Den fyrste kjende sivilisasjonen i det som i dag er Nigeria var nok-folket. Det var eit jernalderfolk som budde på Jos-platået i nordaust frå ca. 500 f.Kr. til 200 f.Kr.
På 1200-talet blei Kanem-Bornu-imperiet grunnlagt. Dette imperiet dekka alle dei noverande landa i regionen, inkludert det nordlege Nigeria. Kanem-Bornu kontrollerte dette området frem til 1840-talet, då det braut saman.
Frå 1600-talet til 1800-tallet etablerte europeiske makter basar langs den nigerianske kysten. Desse basane blei brukte til å skaffa slavar til koloniane i Amerika. I 1886 danna britane The Royal Niger Company som hadde som formål å legge heile området under seg og utnytta det økonomisk. 1. januar 1900 blei Nigeria selt til den britiske staten for 865 000 pund. Nigeria blei så gjort om til britisk protektorat.
Etter andre verdskrigen blei Nigeria stadig endra i retning av ein føderal stat, som følgje av krav om sjølvstende. Etter ein relativt fredeleg lausrivingsprosess fekk Nigeria fullt sjølvstende 1. oktober 1960. Abubakar Tafawa Balewa blei den fyrste statsministeren.
I 1966 blei det utført to militækupp i Nigeria. Leiarskapet i landet, inkludert president Nnamdi Azikiwe og Balewa, blei erstatta. General Johnson Aguiyi-Ironsi overtok makta, men blei drepen etter eit halvt års styre. Året etter braut det ut borgarkrig mellom delstaten Biafra og resten av landet. Fyrst i 1970 blei dette opprøret, kjent som Biafrakrigen, knust.
I 1975 blei det gjennomført eit nytt kupp, denne gongen kom Murtala Ramat Mohammed til makta. Året etter bleu han drepen i eit kuppforsøk, og Olusegun Obasanjo overtok makta. Obasanjo gav frivillig frå seg makta i 1979, og Shehu Shagari blei vald til ny president.
Etter skuldingar om valfusk ved neste presidentval fire år etter blei Shagari kasta frå makta i nok eit kupp. Regimet til den nye makthavaren Muhammadu Buhari varte ikkje lenger enn til 1985, då han blei kasta i endå eit kupp. Den nye leiaren, Ibrahim Babangida, sat likevel ikkje trygt. Både i 1986 og 1990 var det nye kuppforsøket.
I 1990 byrja prosessen med å laga ein ny grunnlov. I 1992 blei det gjennomført frie val, men Babangida-administrasjonen godkjente ikkje valet og gjennomførte eit nytt året etter. Babangida tapte også dette, men ville framleis ikkje gå av. Etter ein periode med stor uro måtte Babangida likevel gå av.
Etter tre månader med sivilt styre tok det militære igjen makta, denne gangen ved general Sani Abacha. Valvinnaren Moshood Abiola blei fengsla, og kona hans blei drepen etter at ho leidde protestane mot kuppet.
Etter mislukka kupp i 1995 og 1997 skulle Nigeria igjen få ei sivil regjering i 1998. Abacha var likevel einaste kandidat til presidentvalet, noko som førte til opptøyar og mange drepne. Etter at Abacha plutseleg døydde seinare i 1998 blei det gjennomført frie val i 1999. Olusegun Obasanjo vann med klar margin, og han blei òg gjenvald fire år etter. Konstitusjonen hindrar presidenten i Nigeria å sitja over tre periodar, og forsøk på å endra dette blei blokkerte av parlamentet i 2006. Valet i april 2007 blei derfor vunne av den utvalde etterfølgjaren til president Obasanjo, Umaru Yar'Adua frå same parti (Folkets demokratiske parti), som ifølgje dei offisielle slo den næraste motkandidaten Muhammadu Buhari med 24 638 063 stemmer mot 6 605 299. Det kom protestar mot valresultatet.
Etter at Yar'Adua døydde i 2010 blei visepresident Goodluck Jonathan teken i eid som etterfølgjaren hans.[2] Jonathan vann presidentvalet i 2011, som blei rapportert å ha gått for seg med relativt lite vald og fusk, i kontrast til tidlegare val.[3]
Ved valet i 2015 gjekk dei største opposisjonspartia saman om å danna ein koalisjon, All Progressives Congress. Ved presidentvalet same år vann tidlegare militærleiar, general Muhammadu Buhari, over Jonathan med over to millionar stemmer. Dette var fyrste gongen ein nigeriansk president hadde tapt for ein opposisjonskandidat. Observatørar roste i det store og heile valet som rettferdig, og Jonathan blei rosa for å godta tapet og dermed avgrensa mogleg uro..[4][5][6][7] Buhari blei gjenvald i 2019.[8]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Rank Order – Area». The World Factbook. Central Intelligence Agency. Arkivert frå originalen 9 February 2014. Henta 29 May 2011.
- ↑ «Nigeria's Goodluck Jonathan sworn in as president». BBC News. 6. mai 2010. Henta 28. mai 2011.
- ↑ Nossiter, Adam (16 April 2011). «Nigerians Vote in Presidential Election». The New York Times. Henta 17. april 2011.
- ↑ «Nigeria election: Muhammadu Buhari wins». BBC. Henta 31. mars 2015.
- ↑ «Obama praises Nigeria's president for conceding defeat». Vanguard. 1. april 2015. Henta 4. april 2015.
- ↑ «APC praises Jonathan for conceding defeat». The Nation. Henta 4. april 2015.
- ↑ «Anyaoku Praises Jonathan For Conceding Defeat». Channels Television. 31 March 2015. Henta 4. april 2015.
- ↑ AfricaNews (27. februar 2019). «Buhari beats Atiku to secure re-election as Nigeria president». Africanews (på engelsk). Henta 5. juli 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Nigeria» frå Wikipedia på bokmål, og «Nigeria» frå Wikipedia på engelsk den 22. februar 2022.