Cetinje
Cetinje | ||
---|---|---|
| ||
Styresmakter | ||
Land |
Montenegro | |
Grunnlagd | 1482 | |
Borgarmeister | Nikola Đurašković | |
Geografi | ||
Flatevidd | 910 km² | |
Innbyggjarar - By (2023) |
14 465 | |
Koordinatar | 42°23′N 18°55′E / 42.383°N 18.917°E | |
Høgd over havet | 650 m | |
Tidssone | CET (UTC+1) | |
Diverse anna | ||
Postnummer | 81250 | |
Telefon-retningsnummer | +382 86 | |
Bilnummer | CT | |
Heimeside: www | ||
Plassering | ||
Cetinje (kyrillisk Никшић, italiensk Cettigne, gresk Κετίγνη, Ketígni, tyrkisk Çetine) er ein by og ein kommune i Montenegro. Ved folketeljinga i 2023 hadde kommunen 14 465 innbyggjarar etter dei førebels resultata.[1]
Cetinje var tidlegare hovudstad i Montenegro og offisiell residens for presidenten av Montenegro. Kommunen har ein særleg status som historisk hovudstad og blir offisielt omtala som «den gamle kongelege hovudstaden Cetinje» (Prijestonica Cetinje / Пријестоница Цетиње).
Byen ligg sør i kommunen med same namn på ei lita karstslette omgjeve av kalksteinsfjell, inkludert Lovćen, «det svarte fjellet» som Montenegro har fått namnet sitt etter.
Cetinje er ein by med stor historisk arv og vart grunnlagd i 1482. Han var eit senter for montenegrinsk liv og er krubba til både montenegrinsk og serbisk kultur og eit religiøst senter for den ortodokse kyrkja. Dette og den lange tida byen klarte å stå imot invasjonen til Det osmanske riket gjorde at han vart kalla «Serbisk Sparta» (Српска Спарта).
Busetnader
[endre | endre wikiteksten]I 2011 hadde kommunen 16 657 innbyggjarar.[2] Dei største busetnadene i kommunen var:
Folketal 2011[2] | |
---|---|
Cetinje | 13 918 |
Bajice | 781 |
Rijeka Crnojevića | 175 |
Zabrđe | 119 |
Erakovići | 95 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Cetinje» frå Wikipedia på engelsk, den 7. februar 2008.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Preliminarni rezultati Popisa stanovništva, domaćinstava i stanova u 2023. godini (Førebels resultat av folketeljinga 2023 – hushald og bustader)». Monstat. 2023. Henta 11. september 2024.
- ↑ 2,0 2,1 «POPIS 2011 - podaci (Folketeljing 2011 – data)». Monstat. 2011. Henta 11. september 2024.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell side Arkivert 2010-02-01 ved Wayback Machine.
- Visit-Montenegro.com Arkivert 2015-04-18 ved Wayback Machine.
- Photo-Montenegro.com Arkivert 2006-09-08 ved Wayback Machine.