Jórgos Seféris
Jórgos Seféris | |
Fødenamn | Γιώργος Σεφέρης |
Pseudonym | Γιώργος Σεφέρης |
Statsborgarskap | Hellas |
Fødd | 13. mars 1900 Urla |
Død |
20. september 1971 (71 år) |
Yrke | lyrikar, diplomat, omsetjar, skribent |
Språk | gresk |
Far | Stilianos Seferiadis |
Mor | Despo Tenekidi |
Ektefelle | Maro Seferi |
Jórgos Seféris på Commons |
Jórgos Seféris (fødd 29. februarjul./ 13. mars 1900greg. i Vourla, død 20. september 1971 i Aten), opphavleg Jórgos Stylianos Sefériadis, var ein gresk forfattar og diplomat. Han blir rekna som den viktigaste nygreske diktaren og essayisten, og som hovudinitiator til rørsla 30-åras generasjon som fullførte innføringa av modernismen i nygresk litteratur.
Han vann nobelprisen i litteratur i 1963 «för hans framstående lyriska diktning, inspirerad av djup känsla för den hellenska kulturvärlden.»[1][2]
Seféris var son av Despoina Tenekidi og juristen Stylianos Sefériadis; faren skreiv dikt og omsette antikke og utanlandske ditarar. Etter at første verdskrigen braut ut flytta familien til Aten der Severis tok artium i 1917. Han studerte jus i Paris og var eit år i England for å forbetre engelskkunnskapane. I 1925 vendte han tilbake til Hellas og gjekk året etter inn i det greske diplomatiet. Den første diktsamlinga hans, Strofi, kom i 1931. Under andre verdskrigen var han i eksil saman med eksilregjeringa fram til 1944. Han publiserte ei erklæring mot det greske militærdiktaturet i 1969 og gravferda hans blei til eit demonstrasjonstog mot diktaturet.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «for his eminent lyrical writing, inspired by a deep feeling for the Hellenic world of culture»
- ↑ Nobeltildelinga 1963 på nobelprize.org
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Verk av og om Jórgos Seféris i katalogen til det tyske nasjonalbiblioteket
- Essay om Seferis[daud lenkje] av Asteris Koutoulas
- Nobeltildelinga 1963 på nobelprize.org