Bertrand Russell
Bertrand Russell | |
Statsborgarskap | Storbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland |
Fødd | 18. mai 1872 Trellech |
Død |
2. februar 1970 (97 år) |
Yrke | matematikar, samfunnskritiker, essayist, logikar, kunnskapsteoretiker, språkfilosof, politisk aktivist, metafysiker, analytisk filosof, sjølvbiograf, universitetslærar, science fiction-forfattar, vitenskapsteoretiker, politikar, fredsaktivist, journalist, filosof, skribent |
Språk | engelsk |
Politisk parti | Det britiske arbeidarpartiet, Det liberale parti |
Medlem av | Royal Society |
Religion | agnostisisme |
Far | John Russell |
Mor | Katharine Russell, Viscountess Amberley |
Ektefelle | Alys Pearsall Smith, Dora Russell, Patricia Russell, Edith Finch Russell |
Born | Conrad Russell, John Russell, 4th Earl Russell, Katharine Tait, Lady Harriet Russell |
Bertrand Russell på Commons |
Bertrand Arthur William Russell, 3. Earl Russell (fødd 18. mai 1872 ved Trellech i Monmouthshire i Wales, død 2. februar 1970 i Penrhyndeudraeth i Gwynedd i Wales) var ein britisk filosof, matematikar og logikar.
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Saman med Alfred North Whitehead publiserte han Principia Mathematica, eit av 1900-talets viktigaste verk om matematikken sitt logiske grunnlag. Russell blir rekna som grunnleggaren av den analytiske filosofien. Som ein verdskjend freds- og nedrustingsaktivist blei han ei leiestjerne for pasifismen, men sjølv var han ingen strikt pasifist. Bertrand Russell underviste blant anna ved Trinity College i University of Cambridge, London School of Economics, Harvard University og Pekinguniversitetet.
Han skreiv ei rad verk om filosofiske, matematiske og samfunnsmessige tema, og i 1950 gav Svenska akademien han nobelprisen i litteratur «for å heidre han for sine varierte og viktige skrifter der han kjempar for humanitære ideal og tankefridom.»[1][2]
Livsgjerninga til Bertrand Russell kan delast opp i tre hovudtema han konsentrerte seg om i ulike fasar av livet sitt – trass i fleire overlappingar. Den første halvdelen av livet arbeidde han hovudsakleg på grunnlaget for matematikken. Etter at Principia Mathematica var ferdig, vendte han seg meir mot filosofiske spørsmål, og på slutten av livet spelte det politiske engasjementet hovudrolla.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Ernst R. Sandvoss: Bertrand Russell. Reinbek bei Hamburg : Rowohlt, 1991. ISBN 3-499-50282-8
- Denis Vernant: Quine & Russell. I : W. V. Quine et la méthode de l’analyse. J.-M. Monnoyer éd., Paris 2006 (Éd. de l’Éclat), s. 89–158
- Denis Vernant: Bertrand Russell. Garnier-Flammarion, Paris 2003, 470 sider, ISBN 2-08-071192-X.
- Kenneth Blackwell, Harry Ruja: A Bibliography of Bertrand Russell. Routledge, London 1994
- Ray Monk: Bertrand Russell: 1872–1920 The Spirit of Solitude. Vintage, London, 1996 - 1997, ISBN 0-09-973131-2
- Ray Monk: Bertrand Russell: 1921–1970 The Ghost of Madness. Vintage, London, 2001, ISBN 0-09-927275-X
- Achim von Borries: Rebell wider den Krieg – Bertrand Russell 1914 – 1918. Verlag Graswurzelrevolution, Nettersheim 2006, ISBN 978-3-939045-01-4
- Apostolos Doxiadis, Christos H. Papadimitriou, Alecos Papadatos, Annie Di Donna: Logicomix: An Epic Search for Truth. Bloomsbury, New York, 2009, ISBN 978-1-59691-452-0
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ "in recognition of his varied and significant writings in which he champions humanitarian ideals and freedom of thought"
- ↑ Nobeltildelinga 1950 på nobelprize.org
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Verk av og om Bertrand Russell i katalogen til det tyske nasjonalbiblioteket
- Nobeltildelinga 1950 på nobelprize.org
- «Bertrand Russell» i Biographisch-Bibliographisches Kirchenlexikon (BBKL).
- Oppføring om Bertrand Russell i Stanford Encyclopedia of Philosophy