Ille-et-Vilaine
Ille-et-Vilaine | |
---|---|
Våpenskjoldet til Ille-et-Vilaine | |
Plassering | |
Administrasjon | |
Departmentnummer: | 35 |
Region: | Bretagne |
Préfecture: | Rennes |
Sous-préfectures: | Fougères Redon Saint-Malo |
Arrondissement: | 4 |
Kantonar: | 53 |
Kommunar: | 352 |
Président du conseil général: | Jean-Louis Tourenne |
Statistikk | |
Folketal | Rangering 23. |
-2003 | 903 400 |
Folketettleik: | 133/km² |
Landareal¹: | 6 775 km² |
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km². | |
Ille-et-Vilaine (Il-ha-Gwilen på bretonsk) er eit departementet nordvest i Frankrike. Departementet ligg i regionen Bretagne.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Ille-et-Vilaine er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Bretagne.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Departementet er i dag ein del av regionen Bretagne og grensar til departementa Manche, Mayenne, Maine-et-Loire, Loire-Atlantique, Morbihan og Côtes-d'Armor, i tillegg til Den engelske kanalen i nord.
Store elvar som renn gjennom departementet er Ille, Vilaine, Rance og Couesnon.
Demografi
[endre | endre wikiteksten]Folkesetnaden i departementet har vokse dei siste tiåra, og er no estimert til over 900 000. Med dagens vekst er det venta at ein passerer 1 million innbyggjarar i 2015.
Kultur
[endre | endre wikiteksten]Gallo er eit historisk minoritetsspråk som vert snakka aust i Bretagne. Gallo og bretonsk vert begge studert ved universitetet i Rennes.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Prefekturet i Finistère
- Conseil général i Finistère
- Kulturarv Arkivert 2007-05-25 ved Wayback Machine.
- Byen Rennes Arkivert 2007-06-30 ved Wayback Machine.