Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Val-de-Marne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Val-de-Marne
Våpenskjoldet til Val-de-Marne
Plassering
[[Fil:|180px|Plasseringa til Val-de-Marne i Frankrike]]
Administrasjon
Departmentnummer: 94
Region: Île-de-France
Préfecture: Créteil
Sous-préfectures: L'Haÿ-les-Roses
Nogent-sur-Marne
Arrondissement: 3
Kantonar: 49
Kommunar: 47
Président du conseil général: Christian Favier
Statistikk
Folketal Rangering 11.
 -2005 1 278 892
Folketettleik: 5 220/km²
Landareal¹: 245 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Val-de-Marne er eit departementet nord i sentrale delar av Frankrike like søraust for Paris. Departementet ligg i regionen Île-de-France, og er kalla opp etter elva Marne. Lokalt vert departementet stundom kalla «l'neuf quatre» («Ni-firaren») etter det offisielle administrasjonsnummert til departementet, 94.

Val-de-Marne vart oppretta då det tidlegare departementet Seine vart delt opp 1. januar 1968.

Departementet er i dag ein del av regionen Île-de-France, og i lag med Seine-Saint-Denis og Hauts-de-Seine er det eit av tre små departementet som dannar ein ring rundt Paris, kjend som petite couronne («den litle ringen»). Val-de-Marne grensar til departementa Seine-Saint-Denis, Seine-et-Marne, Essonne, Hauts-de-Seine og Paris.

Med eit areal på berre 245 km² er Val-de-Marne eit av dei franske departementa med minst utstrekking.

Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Val-de-Marnais.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Val-de-Marne