Indre-et-Loire
Utsjånad
Indre-et-Loire | |
---|---|
Våpenskjoldet til Indre-et-Loire | |
Plassering | |
Administrasjon | |
Departmentnummer: | 37 |
Region: | Centre |
Préfecture: | Tours |
Sous-préfectures: | Chinon Loches |
Arrondissement: | 3 |
Kantonar: | 37 |
Kommunar: | 277 |
Président du conseil général: | Marc Pommereau |
Statistikk | |
Folketal | Rangering 41. |
-1999 | 554 003 |
Folketettleik: | 90/km² |
Landareal¹: | 6 127 km² |
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km². | |
Indre-et-Loire er eit departementet vest i sentrale delar av Frankrike. Departementet ligg i regionen Centre, og er kalla opp etter elvane Indre og Loire.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Indre-et-Loire er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna av den tidlegare provinsen Touraine.
Tours var eit senter for utdanning tidleg i mellomalderen.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Departementet er i dag ein del av regionen Centre og grensar til departementa Loir-et-Cher, Indre, Vienne, Maine-et-Loire og Sarthe.
Turisme
[endre | endre wikiteksten]Indre-et-Loire har fleire eineståande châteaux som er open for turistar. Av desse finn ein:
- Château d'Amboise
- Azay-le-Rideau
- Château de la Bourdaisière
- Château de Chenonceau
- Chinon
- Courcelles-de-Touraine
- Château de Langeais
- Marcay
- Montpoupon
- Tours
- Château de Villandry
- Château du Rivau
Demografi
[endre | endre wikiteksten]Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Tourangeaux etter den gamle provinsen Touraine.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten] Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Indre-et-Loire