Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Kristtorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristtorn
Kristtorn
Kristtorn
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]Utbreiinga av kristtorn
Utbreiinga av kristtorn
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Aquifoliales
Familie: Aquifoliaceae
Slekt: Kristtornslekta Ilex
Art: Kristtorn I. aquifolium
Vitskapleg namn
Ilex aquifolium

Kristtorn eller beinved (Ilex aquifolium) er ei av 400 arter i familien kristtornfamilien (Aquifoliaceae). Det er eit eviggrønt tre som veks som underskog på fuktig, ikkje sur skogbotn i Vest- og Sør-Europa, Nordvest-Afrika og Sørvestasia. Kristtorn er eit typisk varmekrevjande treslag og i Noreg veks kristtorn langs kysten frå Kragerø til Smøla i nord.[2] Treet veks opp til 15 cm kvart år og kan bli opp til 10 m høgt og 3 meter i diameter på solvarme, lune stader med næringsrik, laus og djup moldjord. Kristtorn toler skugge og veks spreitt i furuskogar og edellauvskogar, men blomstring og bærsetting skjer berre når lyset slepp til. Treet toler saltpåverknad og finst ofte i strandkratt. Kristtorn er kommuneblomster for Lyngdal, og pregar kommunevåpenet til Stord.

Europeisk kristtorn; hannblomar over, hoblomar under (blada er skorne for å visa blomane)

Kristtorn er det einaste eviggrøne lauvtreet i Noreg. Stamma er opphavleg grøn, men blir grå til lysebrun ettersom den veks. Blada er 5-8 cm lange 4-5 cm breie, djupgrøne, stive, tjukke og lêraktige, og har skarpe torner i bladkanten. Dei er vekselvis motsett, og hos eldre tre manglar ofte tornene. Han- og hoblomar vert utvikla på kvart sitt tre; Blomane er kvite med fire viker og sit i bladhjørna. På blømande greiner manglar ofte tornene unnateke i spissen. Eit fåtal tre set både hann- og hoblomar.

Frukta er raude kulerunde bær som er 6-10 mm i diameter og inneheld fire frø. Sjølv om bæra vert modne seinhaustes er dei svært harde og bitre og er ikkje mat for fugl før frosten har gjort dei mjukare. Bæra er giftige for menneske.

Under bakken har kristtorn ei tjukk pålerot som går djupt ned. Smårøtene er samanfiltra og ligg rett under overflata.

Dyrking og bruk

[endre | endre wikiteksten]

Kristtorn var kjent som ei plante med magiske eigenskapar og blei brukt av europeiske druidar.

Planta har i dag sitt viktigaste bruksområde som hage-, park- og dekorasjonsplante. Kristtorn er populær som julepynt, spesielt i dekorasjonar og kransar. Kristtorn vart før òg brukt som juletre og som erstatning for palmeblad når ein skulle pynta kyrkjene til påske. Kommersiell hausting har lange tradisjonar og skjer i dag i Sunnhordland og Ryfylke, både til eksport og innanlands bruk.

Den kvite, harde veden er etterspurt til treskjering og er for eksempel ofte brukt i kvite sjakkbrikker. Den var tidlegare viktig til spolar i skytteler for maskinveving ettersom det er ein tett hard ved som kan polerast svært glatt slik at tråden ikkje hektar seg opp. På grunn av dei harde eigenskapane er beinved eit anna vanleg namn på kristtorn.

Bæra er mat for trastefuglar og vert lettare fordøyeleg etter fleire omgangar med frost og opptining. Vintertid gjev dei pigga buskane vern for småfuglar mot rovfugl. Einskilde sommarfugllarvar lever spesielt på kristtorn.

Bæra har lågt giftinnhald men kan gje kvalme, oppkast og diaré om mennesket et dei. Planta blir delvis brukt naturmedisinsk som helsebringande te og brekkmiddel.

  1. Solstad H; Elven R; Arnesen G; Eidesen PB; Gaarder G; Hegre H; Høitomt T; Mjelde M; Pedersen O (24. november 2021). «Karplanter: Vurdering av kristtorn Ilex aquifolium for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 14. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 14. mars 2022. Henta 14. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]