Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Kristtorn

Kristtorn med frukter. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.
God vekseplassar.

Særleg gode vekseplassar for kristtorn er sørvende inntil bergvegger der det er varmt lokalklima.

God vekseplassar.
Torneforma bladspissar.

Blada på kristtorn er torneforma, noko som har vore opphav til eit namn som også blir nytta, nemleg tornebusk.

Torneforma bladspissar.
Relativt korte tre.
Kristtorntre er vanlegvis 2-5 meter høge, men det er registrert tre som er opp til 17 meter.
Relativt korte tre.
Dekorative blad.

Dei grøne, blanke blada er svært dekorative og årsaka til at treslaget vert nytta ein del til pyntegrønt.

Dekorative blad.
Kystens treslag.

Kristtorn blir rekna som det mest utprega låglandstreslaget vi har. Hovudutbreiinga finst i kystlandskap opp til cirka 50 meter over havet.

Kystens treslag.

Kristtorn er eit eviggrønt tre i kristtornfamilien. Det blir også kalla beinved og tornebusk.

Faktaboks

Også kjend som
beinved eller tornebusk
Vitskapeleg namn
Ilex aquifolium
Beskriven av
Carl von Linné
Raudlistestatus i Noreg
LC – Livskraftig
Global rødlistestatus
LC – Livskraftig
Kulturlandskap med kristtorn.
Kristtorn dannar flotte element i kulturlandskapet i jordbruket. Biletet er teke ved Nedstrand i Tysvær kommune.
Kulturlandskap med kristtorn.

Beskriving

Kristorntreet blir vanlegvis 2–5 meter høgt, men det er funne tre på opp til 17 meter, noko som skal vere rekord i Noreg. Sørover i Europa blir ikkje treet noko særleg høgare enn rundt 15 meter. Oftast veks kristorn som eigne hanntre og hotre (særbu). Blada er tjukke og stive, blankt glinsande og med grove tornar i kanten og spissen. På eldre tre kan blada vere utan tornar. Kristtorn har kvite, velluktande blomar og korallraude, kulerunde steinfrukter som sit på vinteren over. Frøa blir spreidde med fuglar. Kristtorn kan bli svært gammalt, og i Tyskland er det registrert tre som er eldre enn 300 år.

Utbreiing

I Noreg er kristtorn berre utbreidd i dei ytre kyststrøka frå Bamble og Kragerø til Smøla. Heilt til 1930–åra var det òg kristtorn på BremsnesNordmøre. Dette er den delen av landet der middeltemperaturen for januar ligg over frysepunktet. Kristtorn er i Noreg den siste utposten av dei eviggrøne lauvskogane i middelhavslanda. Dei aller fleste kristtorntrea står lågare enn 50 meter over havet, men det er òg førekomstar oppe i 200 meter over havet mellom anna i Sunnhordaland og i Ytre Sogn.

Forynging

Kristtorn foryngjer seg på fleire ulike måtar. Treet set det folk flest kallar bær, men som i botanisk samanheng er ei steinfrukt. Desse bæra er svært dekorative.

Kristtorn kan òg foryngjast vegetativt, dette betyr at delar av morstreet dannar nye skot. Dei nye trea får då akkurat same genetisk materiale som morstreet. Slike skot kan dannast ved såkalla senkarar. Dette betyr at greiner nærast bakken får jordkontakt og at det skyt opp nye skot frå desse. Kristtorn kan òg danne svært lange rotutløparar som gjev opphav til nye skot eit godt stykke unna morstreet.

Tilvekst og volum

Landsskogtakseringa har berekna årleg tilvekst på skogsmark til 190 kubikkmeter. Med omgrepet skogsmark meiner ein produktiv mark (altså mark som produserer minst 0,1 kubikkmeter virke per daa) og der det kan drivast økonomisk skogbruk. Naturvernområde og areal som jamleg blir rydda under kraftliner er eksempelvis ikkje med i dette omgrepet. På ikkje-produktiv skogsmark er tilveksten berekna til 69 kubikkmeter i året.

Ståande kubikkmasse på skogsmark har Landsskogtakseringa berekna til 7840 kubikkmeter. På ikkje-produktiv skogsmark til 2949 kubikkmeter.

Sjukdommar og skader

Sauer og geiter beitar på kristtorn, det gjer òg hjortedyr. Dyrkarar av kristtorn til pyntegrønt er særleg fokuserte på skadar som blir påførte blada av kristtornminerfluga. Fluga legg egg i blada og larvane veks i bladvevet ved å «minere» seg innover. Ein annan minerart som det er svært lett å observere skadar etter i skogen er ospeminermøllen, som misfargar og skader ospeblada.

Bruken av kristtorn

Treslaget har særleg blitt nytta som pyntegrønt til jul. Dei glinsande, grøne blada er svært dekorative, ikkje minst i kombinasjonen med raude bær. Produksjonen av kristtorn til pyntegrønt går fyrst og fremst føre seg i Rogaland og Sunnhordland.

Bæra blir rekna for å vere giftige. Det er rapportert om at ein gut i toårsalderen vart forgifta av kristtornbær i 1971. Symptom ved forgifting med kristtorn er magesmerter, kvalme, oppkast og diaré. Helsenoreg gjev fylgjande fyrstehjelpsråd dersom nokon har innteke bær av kristtorn:

  • Fjern eventuelle planterestar frå munnen
  • Gi litt drikke
  • Kontakt Giftinformasjonen (22 59 13 00) dersom det har blitt ete fleire enn 10 bær

Kristtorn blir nytta noko som hekkeplante, og han er robust mot forureining. Kristtorinhekkar eignar seg difor godt ut mot trafikkerte vegar. Dei raude bæra utgjer altså ein risiko for forgifting av småbarn, men denne risikoen kan ein unngå ved berre å plante hannplantar sidan treslaget er særbu, og bæra berre blir utvikla på hoplantane.

Trevirket til kristtorn er svært hardt og kvitt, og har difor blitt nytta ein del til treskurd og til verktøy.

Systematikk

Nivå Vitenskapelig navn Norsk navn
Rike Plantae planteriket
Rekke Magnoliophyta blomsterplanter, dekkfrøete planter, dekkfrøingar
Klasse Eudicots tofrøbladete planter
Orden Aquifoliales kristtornordenen
Familie Aquifoliaceae kristtornfamilien
Slekt Ilex kristtornslekta
Art Ilex aquifolium beinved, kristtorn

Systematikken følger Artsdatabankens inndeling (2024).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Ilex aquifolium
Artsdatabanken-ID
100386
GBIF-ID
5414222

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg