National Gallery
National Gallery | |||
| |||
Stad | City of Westminster | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1824 | ||
National Gallery 51°30′32″N 0°07′42″W / 51.508888888889°N 0.12833333333333°W |
National Gallery, det britiske nasjonalgalleriet, er eit nasjonalt kunstgalleri som ligg på Trafalgar Square i London i Storbritannia. Det blei grunnlagt i 1824 og har ei samling på over 2300 måleri frå midten av 1200-talet fram til 1900.[1]
Om galleriet
[endre | endre wikiteksten]Galleriet er ein nullprofittorganisasjon som ikkje er registrrert hos eller underlagt kontrollen til Charity Commission for England and Wales, sidan det fell under kontrollen til det britiske departementet for kultur, media og sport.[2] Samlingane til galleriet tilhøyrer innbyggjarane i Storbritannia. Tilgang til hovudsamlinga er gratis, medan ein tek inngangspengar for visse spesialutstillingar.
I motsetning til liknande kunstmuseum på det europeiske fastlandet, blei ikkje National Gallery oppretta for å nasjonalisera ei eksisterande kunstsamling som tilhøyrde dei kongelege eller eit fyrstehus. Det blei til då den britiske regjeringa kjøpte 38 måleri frå John Julius Angerstein sine arvingar i 1824. Angerstein var ein forsikringsmeklar og kunstmesén. Etter dette kjøpet blei samlingane til museet hovudsakleg forma av dei første direktørane det hadde, der den best kjent er sir Charles Lock Eastlake, og av private gåver som til saman utgjer to tredelar av samlingane.[3] Storleiken på den totale samlinga er liten samanlikna med mange europeiske nasjonalgalleri, men ho er encyklopedisk i utstrekkinga si; dei fleste betydelege utviklingar i kunsten til vesten «frå Giotto til Cézanne» er representerte med viktige verk.[4] Tidlegare blei det sagt at dette nasjonalgalleriet var blant dei få som hadde alle verka sine fast utstilt, men dette er ikkje lenger tilfellet.[5]
Den noverande bygningen er den tredje som husar kunsten til galleriet. Han blei utforma av William Wilkins i tidsrommet 1832-1838. Berre fasaden som er vend mot Trafalgar Square er stort sett uforandra sidan bygningen blei oppført, medan resten av han er blitt utvida stykke for stykke i løpet av åra nasjonalgalleriet har eksistert. Wilkins-bygningen er ofte blitt kritisert som estetiske ufullkommen og å vera for liten, noko som førte til at Tate Gallery for britisk kunst blei skipa i 1897. Sainsbury-fløya, ei utviding mot vest er teikna av arkitektane Robert Venturi og Denise Scott Brown, er eit kjent døme på postmodernistisk arkitektur i Storbritannia.
Høgdepunkt i samlingane
[endre | endre wikiteksten]Liste over høgdepunkt
[endre | endre wikiteksten]- Paolo Uccello: Slaget ved San Romano
- Piero della Francesca: Jesu dåp
- Jan van Eyck: Arnolfini-portrettet
- Sandro Botticelli: Venus og Mars
- Leonardo da Vinci: Madonna i grotta
- Rafael: Portrett av pave Julius II, La Madonna dei garofani
- Titian: Bacchus og Ariadne, Aktaions død
- Hans Holbein den yngre: Ambassadørane
- Caravaggio: Gutt biten av ei øgle, Måltidet i Emmaus, Salome med hovudet til Johannes døyparen
- Peter Paul Rubens: Le Chapeau de Paille, Paris' dom (to versjonar),
- Diego Velázquez: Venus og spegelen
- Anton van Dyck: Portrett av Karl I til hest
- Rembrandt: Belsazars gjestebud, to sjølvportrett
- Canaletto: Ein regatta på Grand Canal
- William Hogarth: Marriage à-la-Mode
- Thomas Gainsborough: Mr and Mrs Andrews
- Joseph Wright of Derby: Eit eksperiment med ein fugl i luftpumpen
- J.M.W. Turner: Rain, Steam and Speed
- John Constable: The Hay Wain
- Paul Cézanne: Les Grandes Beigneuses
- Claude Monet: Vannliljedammen, Themsen nedanfor Westminster
- Pierre-Auguste Renoir: Paraplyane
- Georges Seurat: Badestad ved Asnières
- Vincent van Gogh: Solsikker, Van Goghs stol, Kveiteåker med sypressar
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Høgdepunkt
-
Rembrandt, Belshazzars gjestebod (1635).
-
Johannes Vermeer - Ung kvinne ved eit virginal (1670-1672).
-
Anthony van Dyck, Ryttarbilde av Karl I (1637-1638).
-
Peter Paul Rubens, Samson og Delilah (1609-10).
-
Giambattista Pittoni - Den heilage familien med Gud fader og den heilage anden (1740)
-
Georges Seurat, Badarar ved Asnières (1884).
-
Vincent van Gogh, Solsikker (1888).
-
Titian, Diana og Actaeon (1556), eigd i felleskap med National Gallery of Scotland.
-
Hans Holbein den yngre, Ambassadørane (1533).
-
Leonardo då Vinci - Madonna ved klippene (1495-1508).
-
Michelangelo, Gravlegginga (1500-1501).
-
Rafael, La Madonna dei Garofani (1506-07).
-
Diego Velázquez, Rokeby-Venus (1647-51).
- Nederlandsk måleri
-
Frans Hals, Ungdom med hovudskalle, ca. (1626-1628)
-
Rembrandt, Badande kvinne i ein bekk, (1655)
-
Aelbert Cuyp - Bømnder og storfe ved elva Merwede (1658-60)
-
Pieter de Hooch - Bakgarden til eit hus i Delft (1658)
-
Rembrandt, Portrett av Jacob Trip, (1661)
-
Jan Steen - Skittlespelarar ved eit vertshus (1660-3)
-
Rembrandt, Sjølvportrett, (1669)
-
Johannes Vermeer - Ung kvinne som sit ved eit birginal (1670-2)
-
Meyndert Hobbema - Avenyen ved Middelharnis (1689)
- Engelsk måleri
-
William Hogarth - Marriage à-la-mode (1743)
-
Thomas Gainsborough - Mr and Mrs Andrews (1750)
-
George Stubbs, Lady and Gentleman in a Carriage, (1787)
-
Joshua Reynolds, Lord Heathfield (1788)
-
John Constable - The Hay Wain (1821)
-
John Constable - The Cornfield (1826)
-
J. M. W. Turner - The Fighting Temeraire (1839)
-
J. M. W. Turner - Rain, Steam and Speed - The Great Western Railway (1844)
- Flamsk måleri
-
Jan van Eyck - Portrett av ein mann (Sjølvportrett?, 1433)
-
Jan van Eyck - Arnolfiniportrettet (1434)
-
Follower of Hugo van der Goes - Madonna og barn, ca. 1485
-
Pieter Bruegel den eldre, Dei tilbedande kongane (1564)
-
Anthony van Dyck - Keisar Theodosius blir forboden frå domkyrkja i Milano av heilage Ambrosius (1619-20)
-
Peter Paul Rubens - Dommen til Paris (1632-5)
-
Peter Paul Rubens - Dommen til Paris (1632-5)
-
David Teniers den yngre - Bogeskytande bønder (1645)
- Fransk måleri
-
Nicolas Poussin - Bacchanalsk feiring før ein termin (1632-3)
-
Philippe de Champaigne - Cardinal de Richelieu (1633-40)
-
Claude Lorrain - Hamn der heilage Ursula legg ut (1641)
-
Edgar Degas, Miss La La at the Cirque Fernando, (1879)
-
Paul Cézanne, Sjølvportrett, (1881)
-
Pierre-Auguste Renoir - Paraplyane (1883)
-
Claude Monet, Vassliljedammen, (1899)
- Tysk måleri
-
Albrecht Dürer, Portrett av far til Dürer som 70-åring (1497)
-
Albrecht Altdorfer, Landscape with Path, ca. 1516
-
Hans Holbein den yngre, Portrett av Erasmus av Rotterdam, (1523)
-
Lucas Cranach den eldre, Cupid klagar til Venus (1525)
-
Adam Elsheimer, Heilage Paul på Malta, ca. (1600)
-
Caspar David Friedrich, Vinterlandskap (1811)
-
Julius Schnorr von Carolsfeld, Ruth i åkeren til Boaz (1828)
- Italiensk måleri
-
Paolo Uccello - Slaget ved San Romano (1438-40)
-
Sandro Botticelli - Venus og Mars (1485)
-
Michelangelo - Madonna og barn med heilage Johannes og englar (Manchester-Madonna) (1497)
-
Leonardo da Vinci - Madonna og barn med heilage Anna og Johannes døyparen (1499-1500)
-
Giovanni Bellini - Doge Leonardo Loredan (1501-4)
-
Raphael - Portrett av Julius II (1511)
-
Tizian - Bacchus og Ariadne (1520-23)
-
Paolo Veronese - Familien til Darius framfor Alexander (1565-70)
-
Tintoretto - The Origin of the Milky Way (1575)
-
Michelangelo Merisi da Caravaggio - Måltidet i Emmaus (1601)
-
Canaletto - Steinhoggarverkstaden (1726-30)
-
Giovanni Battista Tiepolo - Allegori med Venus og Tida (1754-8)
- Spansk måleri
-
El Greco, Kristus driv pengevekslarane frå tempelet (1600)
-
Francisco de Zurbarán, Vasskopp og rose på eit sølvfat, ca. (1630)
-
Diego Velázquez, Kristus i huset til Marta og Maria (1618)
-
Francisco Zurbarán, Heilage Frans i meditasjon (1639) over Marta og Maria (1618)
-
Bartolomé Esteban Murillo, Dei himmelske og jordiske treeiningane (The Pedroso Murillo, 1675-82)
-
Francisco Goya, Lykta til Djevelen (1797-1798)
-
Francisco Goya, Doña Isabel de Porcel (1805)
-
Francisco Goya, Portrett av hertugen av Wellington, 1812–14
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Skulpturar og annen kunst er i Victoria and Albert Museum, medan British Museum husar tidlegare kunst, ikkje-vestleg kunst, trykk og teikningar, og kunst frå etter 1900 er ved Tate Modern. Ein del britisk kunst er i National Gallery, men den nasjonale samlinga av britisk kunst er hovudsakleg i Tate Britain.
- ↑ «Constitution». The National Gallery.
- ↑ Gentili, Augusto; Barcham, William; Whiteley, Linda (2000): Paintings in the National Gallery, London: Little, Brown & Co., s. 7
- ↑ Chilvers, Ian (2003): The Concise Oxford Dictionary of Art and Artists. Oxford Oxford University Press, s. 413. Michael Levey, senere galleriets ellevte direktør, benyttet denne setningen som tittel på en populær avhandling om europeisk maleri: Levey, Michael (1972): From Giotto to Cézanne: A Concise History of Painting. London: Thames and Hudson
- ↑ Potterton, Homan (1977): The National Gallery, London, London: Thames & Hudson, s. 8
- Denne artikkelen bygger på «National Gallery» frå Wikipedia på bokmål, den 20. mars 2022.