Panjab i Pakistan
Panjab | |||
Punjab پنجاب | |||
provins | |||
|
|||
Land | Pakistan | ||
---|---|---|---|
Del av | Panjab | ||
Hovudstad | Lahore | ||
Areal | 205 344 km² | ||
Folketal | 101 391 000 | ||
Grunnlagd | 1. juli 1970 | ||
Språk | panjabi (lokalspråk), urdu (nasjonalspråk) | ||
Panjab i Pakistan 31°20′N 74°13′E / 31.33°N 74.21°E | |||
Kart som viser Panjab i Pakistan.
| |||
Wikimedia Commons: Punjab, Pakistan |
Panjab er den folkerikaste og tettast folkesette provinsen i Pakistan. Han ligg aust i landet, og utgjer størsteparten av det tidlegare riket Panjab. Den andre delen høyrer til India. Panjab grensar til Sindh i sør, Balochistan og Khyber Pakhtunkhwa i vest, Asad Jammu og Kashmir og Islamabad i nord, og dei indiske delstatane Panjab og Rajasthan i aust. Lahore er provinshovudstaden og den største byen, og ligg aust i provinsen.[2]
Panjab har ei flatevidd på 205 344 km².[3] Han er den andre største av dei fire regionane som utgjer Pakistan, etter Balutsjistan.[2] Dei største talespråka i provinsen er panjabi, urdu og saraiki. Dei viktigaste skriftspråka er urdu og deretter engelsk.[2]
Geografi
[endre | endre wikiteksten]I sør og aust består provinsen av sletteland rundt Indus og bielvene hennar.[3] Dei fem elvane som har gjeve namn til Panjab – Beas, Ravi, Chenab, Sutlej og Jhelum – er alle bielver til Indus.[2]
Mot nord går slettelandet over i eit bakkelandskap, som lengst i nordaust hever seg som eit forland til Himalaya. Panjab har også store ørkenområder - i søraust når landskapet inn i ørkenen Thar, og mellom elvene Indus og Jhelum ligg ørkenen Thal.[3]
Provinsen ligg i grenseområdet for monsunklimaet,[2] og har lite nedbør, bortsett frå lengst i nord.[3] Temperaturskilandane mellom sommar og vinter og mellom dag og natt er store.[3] Middeltemperaturen i sletteområda ligg på over 30 grader om sommaren men berre litt over 10 grader om vinteren.[2]
Dei gjev grunnlaget for eit fruktbart område som er storprodusent av kveite og bomull. Jordbruk er den viktigaste næringsvegen i provinsen. Panjab har likevel meir industri enn mange andre område i Pakistan, med produksjonav tekstilar, næringsmiddel, metall, maskinar og produkt som syklar, rickshawar, kirurgiske instrument og brunevarer.[2]
Folkesetnad
[endre | endre wikiteksten]Viktige byar i provinsen er Bahawalpur, Faisalabad, Gujranwala, provinshovudstad og største by Lahore, Multan, Rawalpindi, Gujranwala, Rabwah, Sialkot og Taxila.
Over 99 % av innbyggjarane i pakistansk Panjab er muslimar, dei fleste sunni. Sufisme står sterkt her. Området har også små grupper parsarar, bahaiar, kristne, sikhar og hinduar. I provinsen finst fleire viktige stader for sikhane, mellom anna fødestaden til religionsstiftaren Guru Nanak, i Nankana Sahib.
Dei største folkegruppene (kastar) i provinsen er djat, radjput, arain, gudjar og awan.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 https://www.pbs.gov.pk/sites/default/files/population/2023/Punjab.pdf.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 «Punjab», Encyclopædia Britannica, Encyclopædia Britannica Online, 2016, henta 5. mai 2016
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 «Punjab – provins i Pakistan», Store norske leksikon, 10. desember 2012, henta 5. mai 2016
- Denne artikkelen bygger på «Punjab (Pakistan)» frå Wikipedia på bokmål, og «Punjab (Pakistan)» frå Wikipedia på engelsk den 6. juli 2008. Delar av artikkelen bygger på «Punjab (Pakistan)» frå Wikipedia på svensk, den 6. juli 2008.