Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Tujaslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tujaslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Cycadophytanae
Rekkje: Bartre Pinophyta
Klasse: Pinopsida
Orden: Furuordenen Pinales
Familie: Sypressfamilien Cupressaceae
Underfamilie: Thujoideae
Slekt: Tujaslekta Thuja
L., 1753

Tujaslekta er ei av fire delgrupper av nåletre i sypressfamilien. Av tujatrea er det tre artar som kjem frå Asia og to som er frå Nord-Amerika.

Tujablada er eviggrøne og skalaktige, unnateke små frøplantar, der dei har nåleaktige blad. Skala er lagt i fire rader oppover kvistane. Tujaartane er mat for ulike dyr, som larvar og ulike sorter sommarfuglar. Hannkonglane er små og lite iaugefallande og er på endane av kvistane. Hokonglene er i byrjinga lite iaugefallande, men veks til om lag 1-2 cm med 6-12 overlappande, tynne, lêraktige skjell.

Veden til tujaane er lys, mjuk og aromatisk. Den kan kløyvast lett og motstår råte. Veden har vore brukt til mange ulike ting, som å lage boksar som fråstøyter seg møll, og til å kurere helveteseld. Stolpar av tujaar og og ofte brukt til å lage gjerdestolpar og rekkverk.

Blada til tujaane er rike på vitamin C, og vart brukt av indianarar og tidlege europeiske pionerar som kur for skjørbuk.

Tujaolje kan bli brukt i tropane til å hjelpe til med å kurere humant papillomavirus, genitivs- eller vanlige vortar. Tuja er og eit populært homøopatisk middel som vert brukt til å behandle ulike psykologiske og fysiologiske forhold.

Austamerikansk tuja (Thuja occidentalis)

Nordamerikanske

[endre | endre wikiteksten]