Allergitesting vil seie å gjere medisinske testar som kan hjelpe til å avgjere om det ligg føre ein allergi eller ikkje.
Faktaboks
- Uttale
-
allergitesting
Ein allergitest skal ikkje brukast for å leite etter allergi, fordi det ikkje sjeldan vil komme utslag på ein test utan at pasienten er allergisk. Ein må derfor alltid ta utgangspunkt i sjukehistoria til pasienten og teste på mistanke mot bestemte allergen.
Allergidiagnosa vert stilt først og fremst på grunnlag av pasienten sine opplysningar i sjukehistoria. Til støtte når ein skal avgjere om det ligg føre ein allergi, er det at ein gjer ulike allergitestar. Desse testane kan vere av fleire typar:
- Hudtestar som prikktest og intrakutantest, der ein legg ei lita mengde allergen på huda (lappetest) eller fører litt allergen inn i huda ved å prikke med ei nål gjennom ein dråpe med allergen lagt på huda (prikktest) eller injisert intrakutant (intrakutantest). Ein ser så om det kjem ein lokal allergireaksjon i huda i form av rødheit og hevelse. Prikktest og intrakutantest er testar for IgE-avhengig allergi, som er Type I hypersensitivitet.
- Lappeprøve er ein test for kontaktallergi (allergisk kontakteksem), som er ein cellemediert Type IV hypersensitivitetsreaksjon.
- I blodprøver (serum) måler ein nivået av IgE-antistoff som er spesifikke for ulike mistenkte allergen. Det finst fleire variantar av denne testen. Ein kan måle mengda IgE mot kvart allergen enkeltvis, eller bruke meir screening-prega testar der ein måler IgE mot ein kombinasjon av fleire allergen, såkalla allergenpanel. I visse tilfelle er det nyttig å finne ut ikkje berre om pasienten reagerer mot eit allergen som for eksempel bjørkepollen, graspollen eller peanøtt, men også kva for slag molekyl i den allergene vara allergien er retta mot. Då nyttar ein såkalla komponentdiagnostikk.
- Etter sterke reaksjonar med mistanke om allergi, kan ein også ved blodprøve målenivået av tryptase i serum. Dette kan stige kraftig dei første timane etter ein allergireaksjon. Tryptasetesten hjelper å avgjere om det har vore ein allergisk reaksjon, men seier ikkje noko om kva allergen reaksjonen var retta mot.
- Celletestar blir gjort meir sjeldan for å undersøke korleis kvite blodceller reagerer på allergen. Ved mistanke om IgE-avhengig allergi måler ein om basofile granulocyttar set fri histamin (histaminfrigjering) eller leukotrienar som uttrykk for at dei degranulerer i kontakt med eit mistenkt allergen, eller om mastceller får auka mengde av bestemte molekyl i cellemembranen som uttrykk for mastcelleaktivering. Slik auke av membranmolekyl er eit indirekte mål på degranulering. Celletestar ved mistanke om kontaktallergi på grunn av Type IV hypersensitivitet har ikkje vist seg å vere til nytte i diagnostikken.
Det er viktig å vere klar over at allergitestane ikkje gir noko fasitsvar, og ofte kan slå ut sjølv om pasienten ikkje har allergisk sjukdom, altså gi falske positive resultat. Testresultata må ein derfor alltid vurdere i sammenheng med sjukehistoria.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.