Frå Allkunne:
Folkerøysting, val der borgarar med røysterett tek stilling til eit på førehand definert spørsmål, og eit institusjonelt uttrykk for direkte demokrati.
Folkerøysting er eit demokratisk styringsprinsipp som skal sikre at avstanden ikkje vert for stor mellom folkeviljen og dei styrande. Folkerøystingar kan haldast på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå. Referendum er den vanlegaste forma, der styresmaktene formulerer spørsmålet det skal røystast over. Eit referendum kan vere direkte avgjerande, eller det kan vere rådgivande. Halvparten av alle nasjonale folkerøystingar i verda har vore haldne etter 1970, hovudsakleg i Sveits. Sidan 1848 har alle store lovendringar i Sveits vorte til ved folkerøystingar, både nasjonalt og i dei 26 kantonane i landet. Sjølv om prinsippet ikkje er omtalt i grunnlova, har det vore halde seks rådgivande referendum på nasjonalt nivå i Noreg. Første gongen var i 1905, om godkjenning av unionsoppløysinga, og andre gongen same året vart det røysta over styreforma. I 1919 og 1926 vart det halde folkerøystingar om forbod mot sal av brennevin. Det vart røysta over norsk medlemskap i EF/EU i 1972 og i 1994. Stortinget innførte i 1892 lokal folkerøystingsrett i Noreg. I 2009 vart kommunane sin rett til rådgivande folkerøysting lovfesta. I perioden 1970–2010 vart det halde 695 folkerøystingar på lokalt nivå, relatert til alkohol, kommunegrenser og målsak. Mellom 1965 og 2006 vart det røysta 352 gonger over opplæringsspråk i skulen. Også kyrkjelydane held rådgivande folkerøystingar om bruk av målform. Folkerøysting i verda Sveits og USA er dei landa der folkerøystingar er mest brukte, men dei har òg vore mykje nytta på nasjonalt nivå i Uruguay i Sør-Amerika og Algerie i Afrika. Land som Belgia, Storbritannia og Tyskland har vore svært tilbakehaldne med bruk av folkerøystingar på nasjonalt nivå. Vilkår for folkerøysting Det finst tre ulike vilkår for at ei folkerøysting skal kunne gjennomførast. I land med obligatorisk referendum er det fastlagt at folkerøysting skal haldast i samband med bestemte saker, hovudsakleg ved konstitusjonsendringar. Fakultativt referendum vil seie at ei regjering, ein del av den lovgivande forsamlinga eller borgarar kan fremje krav om folkerøysting – det siste vert kalla folkeinitiativ. Ved frivillig referendum kan den lovgivande forsamlinga gjennom fleirtal sjølv ta initiativet. Folkeinitiativ Ved direkte folkeinitiativ utformer veljarane sjølve spørsmålet det skal røystast over, medan indirekte initiativ fungerer som ei etterprøving av saker som allereie er behandla i politiske organ. Det finst kriterium for bruk av denne typen folkerøysting, ved at eit bestemt tal på borgarar må stille seg bak kravet i form av underskrifter. I Sveits er folkeinitiativ nytta både nasjonalt og i lokaldemokrati|et – særleg i dei større kommunane og i dei fransktalande delane av landet med lokale parlament. Også ei rekkje delstatar i USA nyttar ordninga. Sidan 1970-åra har Italia nytta indirekte folkeinitiativ på nasjonalt nivå som etterprøving av lover. Ideologisk grunnlag Det er folkesuverenitetstanken som ligg til grunn for prinsippet om folkerøysting, altså tanken om at all legitim statsmakt spring ut frå folket. Det er dette som gjer at folkerøysting som uttrykk for direkte demokrati kan foreinast med og nyttast som styringsprinsipp i det moderne representative demokratiet. Ei sentral inspirasjonskjelde har vore Jean-Jacques Rousseau, som var den første til å formulere omgrepet skriftleg. For Rousseau var folkesuverenitet naturrettsleg, og utgangspunkt for det han kalla allmennviljen. Han hevda at allmennviljen ikkje kunne representerast ved val, og har difor vorte rekna som den ideologiske faren til folkerøystinga og det direkte demokratiet. Argument mot folkerøysting Eit hovudargument mot folkerøysting er at det ikkje finst nokon garanti for at den eigentlege folkeviljen kjem til syne. Andre argument har vore at det ikkje nødvendigvis aukar den politiske ansvarskjensla hos veljarane, og at manglande innsikt i sakene det skal røystast over, kan føre til dårlege avgjerder. Ordninga kan føre til at folkevalde representantar i mindre grad kan haldast ansvarleg for den politiske utviklinga, og til større avstand mellom veljarane og partia. I staden for å medverke til politisk stabilitet gjennom kompromiss og semje kan folkerøysting skape konfliktar. Kjelder Tor Bjørklund: Hundre år med folkeavstemninger. Norge og Norden 1905–2005 . Oslo 2005 Stein Bjørlo og Øystein Tjora: Norsk politikk . Oslo 1997 Palle Svensson: Folkets røst . Aarhus 2003 Thomas Chr. Wyller: Skal folket bestemme? Folkeavstemning som politisk prosess . Oslo 1992 Tor Henriksen: «Lokale folkeavstemninger 1970–2009. Et glemt kapittel i vår demokratihistorie», Statistisk sentralbyrå, ssb.no, http://www.ssb.no/ssp/utg/201002/07/ [lesedato 14.2.2012] Peikarar
Om lokal folkerøysting på www.regjeringen.no
-------------------------------------------------
også kalt referendum, avstemning blant alle stemmeberettigede borgere i et område, som et land, en delstat, et fylke eller en kommune, om et nærmere avgrenset politisk spørsmål.
En folkeavstemning kan være enten avgjørende eller rådgivende. I det første tilfellet avgjør de stemmeberettigede spørsmålet det gjelder direkte gjennom avstemningen. Hvis folkeavstemningen er rådgivende gir de stemmeberettigede et råd til de som skal fatte den endelige avgjørelse, for eksempel en nasjonalforsamling.
Alle folkeavstemninger virker retningsgivende for de politiske organer. Skillet mellom avgjørende og rådgivende folkeavstemning er derfor mer formelt enn reelt, iallfall når det dreier seg om landsomfattende folkeavstemninger.
Obligatorisk og fakultativ folkeavstemning
Noen lands forfatninger krever at visse saker, særlig grunnlovssaker, skal være gjenstand for folkeavstemning. Da kalles det obligatorisk folkeavstemning. Dette gjelder blant annet i Sveits. I andre land kan regjeringen, en viss andel av nasjonalforsamlingen eller et bestemt antall borgere, kreve at det blir avholdt folkeavstemning om en sak. Det kalles fakultativ folkeavstemning.
Avgjørende folkeavstemning brukes nesten bare i grunnlovssaker. I Sveits og noen delstater i USA brukes den imidlertid også i andre saker. Mange lands forfatninger, som Sveriges, hjemler adgang til rådgivende folkeavstemning. I den norske Grunnloven er folkeavstemning ikke nevnt, men det er intet til hinder for å avholde rådgivende folkeavstemning.
Direkte og indirekte demokrati
Folkeavstemninger kan sees på som en form for direkte demokrati: borgerne uttaler seg direkte i konkrete saker. Alle moderne demokratier er imidlertid hovedsakelig indirekte eller representative demokratier: borgerne uttaler seg ikke direkte om enkeltsaker, men velger representanter som tar de konkrete saksstandpunkter for dem.
I de fleste demokratier er det bare aktuelt med folkeavstemning i nasjonalt viktige saker og i saker hvor det er grunn til å anta at det er en viss avstand mellom borgernes og de valgte representanters oppfatning.
Begge deler var tilfelle med de norske avstemningene om medlemskap i EF/EU i 1972 og 1994 (se EU-striden). Det har også vært holdt en rekke lokale rådgivende folkeavstemninger. Et eksempel er avstemningen i september 2013 som omhandlet hvorvidt Oslo skulle søke om å få arrangere vinter-OL i 2022.
Folkeavstemninger i Norge
Det har vært avholdt seks rådgivende landsomfattende folkeavstemninger i Norge:
- De to første i var 1905, om godkjenning av unionsoppløsningen og om styreform i Norge. Resultatet var at 99,95 prosent stemte for unionsoppløsning og 78,9 prosent stemte for monarki. Det var kun menn som hadde statsborgerlig stemmerett og kvinnene fikk ikke delta i avstemningene. Det ble likevel organisert en underskriftskampanje blant norske kvinner til støtte for unionsoppløsningen.
- Den tredje og fjerde folkeavstemningen ble avholdt i 1919 og 1926. Begge angikk forbud mot salg av brennevin. Resultatet i 1919 var 61,6 prosent for, i 1926 var 55,7 prosent mot.
- Den femte og sjette folkeavstemningen ble avholdt i 1972 og 1994. Begge omhandlet norsk medlemskap i EF/EU. Resultatene var 53,5 og 52,2 prosent mot medlemskap.
I tillegg har det blitt holdt en rekke lokale folkeavstemninger i norske kommuner, blant annet om endringer i kommuneinndelingen.