Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Faktaboks

Øystein Runde
Fødd
14. desember 1979, Ulsteinvik
Øystein Runde.

Øystein Runde er ein teikneserieskapar, filmskapar og skribent frå Ulsteinvik. Han har utmerkt seg med å leike med sjangrar, norsk historie og kultur. Der dei fleste norske teikneseriane held seg innanfor humor og sosialrealisme, har Runde laga norske superheltar, retrofuturisme, steampunk, moderniserte folkeeventyr, reportasje, sakprosa om naturvitenskap og vikingaction.

Debut

Runde vart først lagt merke til då han vann stripekonkurransen til ungdomsbladet Spirit i 2001 med serien Rundetid (samla i 2008), enkelt teikna med fyrstikkmenneske i rollene.

I 2004 skapte han superheltserien Bjartmann (samla i 2012), som påskot for å fortelje om klassefester, ungdomsforelsking og pubertet i Ulsteinvik, samtidig som han teikna den groteske serien Margarin (samla i 2006), medan manus vart skrive i samarbeid med Kristopher Schau.

Litterære superheltar

Henrik Ibsen i De fire store
Henrik Ibsen i De fire store
Av .

I 2006 kom Futen (samla i 2015), teikna av Knut André Solberg, der Runde utforska møtet mellom amerikansk superheltmytologi og norske eventyrtradisjonar i form av skattefuten Mikael.

Året etter gjorde han noko liknande med «dei fire store» i norsk litteraturhistorie, der Henrik Ibsen, Alexander Kielland, Jonas Lie og Bjørnstjerne Bjørnson utgjer siste skanse i kampen mot overnaturlege krefter som troll og zombiar i Noreg. Dette blei fortalt i fire De fire store-utgivingar:

Dei to første vart teikna av Geir Moen, dei to andre teikna Runde sjølv.

Sagatradisjon

Soga om Olav Sleggja
Soga om Olav Sleggja
Av .

Runde teikna òg Soga om Olav Sleggja (2009), delvis inspirert av Frank Miller og den japanske samuraiserien Lone Wolf and Cub; ein blodsprutande vikingaction om ein trell som får i oppdrag av Olav Tryggvason å drepe halvbroren til kongen. I 2018 følgde han opp soga om Olav Sleggja med Berserk, ein teikneserieroman på 120 sider.

Barnelitteratur

Runde debuterte som barnebokforfattar med Elefanten Tommy (2012), som han òg illustrerte.

Reisereportasjar og faktabøker

Runde braut igjen ny mark med den fabulerande teikneseriereportasjen Moskva (2013), i samarbeid med Ida Eva Neverdahl, om deira besøk på ein russisk teikneseriefestival i skuggen av Vladimir Putin sitt regime. Serien vart gitt ut på polsk og engelsk året etter, i noko lengre versjonar. Duoen følgde opp med eit nytt reisebrev i teikneserieform, Hvordan kan Los Angeles knuse hjertet mitt? (2017).

Med Stamceller: Kroppens superhelter (2017) gav Runde ut si første faktabok, ei illustrert utgiving med fleire teikneseriesekvensar som mellom anna tok for seg arbeidet til tannkirurg og stamcelleforskar Cecilie Gjerde.

Denne vart følgd opp av teikneserien Antibiotika. Helt og antihelt (2022), eit samarbeid med Dag Berild, professor i infeksjonssjukdomar. Den tok for seg både utviklinga av penicillin og korleis overdriven bruk av antibiotika har ført til «medisinens klimakrise», antibiotikaresistens.

I 2024 kom ADHD. Hva er det, og hva gjør du med det?, ei undersøkjande faktabok for dei som har ADHD, kjenner nokon med ADHD eller har barn med ADHD.

Film

Runde har òg skrive manus og vore medregissør på skrekkfilmen Julebukk (2015).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg