Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Faktaboks

Akureyri
Etymologi
av ‘åker’ og ‘ør’
Uttale

akureiri

Innbyggjartal
19 900 (2023)
Lufthamn
Akureyrarflugvöllur
Akureyri

Akureyri. I bakgrunnen silhuetten av byens karakteristiske kyrkjetårn.

Av /KF-arkiv ※.

Akureyri er ein by på Island, som ligg inst i den 60 km lange Eyjafjörður på Islands nordkyst. Akureyri er eit viktig regionalt handels- og servicesenter, og største by utanfor hovudstadsregionen.

Akureyri har stor fisketilverking og foredling av landbruksprodukt. Infrastrukturen er god, og byen har flyplass, hamn og skipsverft. Turistnæringa byr på moderne hotell og vintersport i Hlíðarfjöllin, 'Dei islandske alpane', som når opp i 1500 meter over havet.

Det skjerma lægjet inst i fjorden gir grunnlag for eit rikare planteliv enn Nord-Island elles. Byen har òg ein botanisk hage (Lystigarður Akureyrar) med 400 heimlege og 4000 utanlandske arter.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg