Alf Egil Holmelid er ein norsk sivilingeniør og tidlegare forskingsdirektør ved Universitetet i Agder. Han var stortingsrepresentant i perioden 2009—2013, som den første stortingsrepresentanten for Sosialistisk Venstreparti frå Sørlandet nokon gong.
Alf Egil Holmelid
Faktaboks
- Fødd
- 13. desember 1947, Fjaler, Vestland

Bakgrunn
Alf Egil Holmelid er fødd i Fjaler i Sogn og Fjordane (no Vestland). Han gjekk på Firda Gymnas i 1964–1967 og studerte teknisk kybernetikk ved Noregs tekniske høgskole i Trondheim (no NTNU) i 1968–1973.
Karriere
Holmelid arbeidde ved SINTEF i 1972–1975, ved sentralinstituttet for industriell forsking i 1975–1976 og var forskar, seniorforskar og avdelingsleiar ved Elkem forskning i Kristiansand i 1976–1997. Holmlid var førsteamanuensis, instituttleiar og dekan ved fakultet for teknologi ved Høgskolen i Agder (no Universitetet i Agder) i 1997–2002 og forskingsdirektør same staden i 2002–2009. Etter endt stortingsperiode i 2013 gjekk han tilbake til stillinga som forskingsdirektør ved Universitetet i Agder.
Politisk karriere
Holmelid var varamedlem i Kristiansand bystyre for Sosialistisk Venstreparti (SV) i 1983–1987 og fast medlem i 1987–2003. Han har vore medlem i styret og leiar av Kristiansand SV i ei årrekkje, samt medlem av styret for Vest-Agder SV og medlem av SVs landsstyre i 1980-åra og i perioden 2003–2007. I 2009 blei han SVs første stortingsrepresentant frå Vest-Agder på utjamningsmandat og arbeider for å synleggjere Sørlandet, særleg innanfor miljøteknologi. Han var medlem av næringskomiteen på Stortinget i 2009-2013.
Utgjevingar, verv og utmerkingar
Holmelid har publisert artiklar i Utfordringar i regionalt samarbeid (2009) og fleire andre fagbøker og forskingsrapportar. Han har vore medlem av ekspertgruppa for Norsk forening for automatisering (1999–2002), styret for Nettverksuniversitetet (1999–2002), Innovasjon Norge (2000–2002), Elinor (E-læring i Agder) (2002–2004), Teknologirådet (2007–2009) og styret for NODE (Olje- og gassnæringa på Sørlandet) (2007–2009). Alf Holmelid fekk tildelt Målblomen av mållaga på Agder i 2012.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.