Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Faktaboks

Anita Moen
Tidligere gift Anita Moen Guidon. Bruker nå navnet Anita Moen Bonden.
Fødd
31. august 1967, Elverum
Anita Moen
Anita Moen i 2016.
Av .
Lisens: CC BY 3.0

Anita Moen er ein norsk langrennsløpar frå Trysil.

Ho tok OL-bronse i sprint i 2002 og på 15 km i 1998. I stafett tok ho OL-sølv i 1994, 1998 og 2002, VM-sølv i 1995, 2001 og 2003 og VM-bronse i 1993. Ho kom på andreplass i verdscupen i sprint i sesongane 1999/2000 og 2001/2002. I alt vann ho 13 senior-NM i perioden 1993–2002: på 5 km (2), jaktstart (4), 15 km (2), 30 km (4) og sprint (1).

Ho blei noregsmeister i stafett i 1995 og vann kongepokalen i 1993. Anita Moen har 5 sigrar i kvinneklassen i Birkebeinerrennet (1998–2002), siste gong utan pakning i verdscupklassen.

Klubbar: Trysilfjellet SK, IL Trysilgutten, Nannestad SK.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg