Arne Rustadstuen var ein norsk skisportsutøvar i mellomkrigstida. Han hevda seg nasjonalt og internasjonalt i langrenn og kombinert. To av merittane hans er VM-gullet på 17 kilometer i 1930 og OL-bronsen på 50 kilometer i 1932. Den populære løparen fekk Holmenkollmedaljen i 1935 og vart i 1939 den første rikstrenaren i norsk langrenn. Lillehammer Skiklub arrangerer det årlege Arne Rustadstuens Minneløp.

Arne Rustadstuen
Faktaboks
- Fødd
- 14. desember 1905, Fåberg
- Død
- 25. april 1978, Lillehammer


Verdsmeister og olympisk medaljør
Rustadstuen er ein av dei fremste utøvarane i Lillehammer Skiklubs historie. I løpet av karrieren representerte han òg Faaberg Idrettslag, der han fekk æresmedlemskap. Rustadstuen vart verdsmeister på 17 kilometer på heimebane i Oslo i 1930. Under vinter-OL i Lake Placid i 1932 sleit nordmennene med å meistre det vanskelege føret. Rustadstuens bronse på femmila vart vår einaste langrennsmedalje i leikane.
Andre merittar
- Siger i kombinertrennet i Lahtisspelen i 1929
- VM-bronse i kombinert i 1931
- Noregsmeister på 18 kilometer i 1934
- Siger på 18 kilometer i Holmenkollrenna i 1934 og 1935
- Siger i den andre og tredje utgåva av Birkebeinerrennet (1933 og 1934)
- OL-deltakar i 1936
Norsk langrenns første rikstrenar
I slutten av 1930-åra var det vanleg med rikstrenarar i til dømes Sverige og Finland. Noreg hadde korkje hatt økonomi eller tradisjon for det, men diskusjonane gjekk. Det enda med at Rustadstuen vart tilsett for vinteren 1939–1940. Han fekk mykje god respons i det å vere ein samlande ressursperson, men han takka nei til å halde fram. Under krigen gav han òg fleire tydelege avslag på å trene løparane til Nasjonal Samling. Den neste rikstrenaren kom først i 1958 med Kristen Kvello, då med varig verknad.
Arne Rustadstuens minneløp
Rustadstuen gjekk bort i 1978. Lillehammer Skiklub arrangerer årleg Arne Rustadstuens Minneløp på Birkebeineren Skistadion.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenkjer
- Lillehammer Skiklub: Arne Rustadstuens Minneløp
- NRK.no: Knuste radioen og ba til Gud (omtale av Arne Rustadstuen med fleire)
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.