Arnt Bakke var ein norsk høgskulelektor og folkemusikksamlar. Han oppretta Nordnorsk Folkemusikksamling i 1949 og var den første styraren av samlinga.
Arnt Bakke var fødd i Saltdal i Nordland. Han tok musikkutdanning, og frå 1946 var han lektor i musikk ved Tromsø lærerskole.
Frå tidleg i 1930-åra samla Bakke folkemusikk frå Nord-Noreg, også samisk materiale. Etter kvart voks tanken om ei folkemusikksamling for landsdelen fram, og i 1949 blei Nordnorsk Folkemusikksamling oppretta som del av Tromsø Museum. Bakke styrte samlinga fram til han døydde i 1975. Det meste av tida gjorde han dette ved sida av full stilling som lektor ved lærarskulen.
Som styrar for Nordnorsk Folkemusikksamling gjorde Bakke eit omfattande arbeid med innsamling av norsk og samisk folkemusikk. I 1952 gjorde han det første lydopptaket av joik, med Nils Nilsen Biti frå Sjusjavrre, som joika 45 melodiar på lydband. Bakke bygde opp eit omfattande arkiv, som er kjent som joikearkivet. Han tok opp over 2000 joikar til samlinga og gjorde òg opptak av finskspråklege songar, det eldste opptaket er frå Bugøyfjord i 1956.
I 1955 reiste han med NRK på opptakstur gjennom heile Nordland, og i 1960 gjekk turen til Finnmark. Resultatet blei presentert i fleire radioprogram i NRK.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.