Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Illustrasjon av diktet Auld Lang Syne
Illustrasjon av diktet Auld Lang Syne
Av .

Auld Lang Syne er ei umåteleg populær og mykje brukt vise av Robert Burns frå 1788. Han skreiv på skotsk ('scots'), og tittelen betyr 'old long since'. Fritt omsett handlar det om 'dei gode gamle dagar', altså ein nostalgisk lengsel tilbake til tidlegare tider. Visa opnar slik: Should auld acquaintance be forgot, And never brought to mind?

Faktaboks

Uttale
åld læŋ sain

Folkemateriale

Burns fann ikkje sjølv på korkje uttrykket eller ideen til visa. Som så mange andre romantiske diktarar interesserte han seg for folketradisjonar, og han brukte tidlegare songar nettopp for å bevara og spreia dei. Han forklarte sjølve at han hadde funne ei vise 'frå gamle dagar' som han bygde på. Og det same gjorde nok James Watson i balladen 'Old Long Syne' i 1711. Første verset og omkvedet av denne er veldig lik Burns' seinare versjon. Men Burns laga fleire nye, eigne vers til dette materialet.

Tradisjonar og ritual

Burns' song finst både i den opphavlege skotske og i ein litt tilpassa engelsk versjon, og den siste er mykje brukt også i resten av verda. Visa blir ofte brukt i engelsktalande land til mellom anna avslutning og avskil og dessutan ved årsskifte. Ho fungerer som ein slags skotsk nasjonalsong, og blir sungen ved nyttårsfesten Hogmanay, medan ein held hender og står i ring på dansegolvet. Visa blir også alltid sungen på avslutningskonserten av dei kjende promenadekonsertane 'The Proms' i Royal Albert Hall i London, og ved mange andre høve.

Mange komponistar har brukt den no velkjende folkemelodien. Songen blei til dømes arrangert av Joseph Haydn allereie i 1792, og blei ikkje mindre kjend av det. Seinare laga Ludwig van Beethoven sin versjon i ei samling med 12 skotske folketonar i 1814.

Omsetjingar

Der finst mange omsetjingar av songen til ulike språk over heile verda, også fleire versjonar til norsk, til dømes desse:

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Grant, M.J., Auld Lang Syne: A Song and its Culture, Cambridge: Open Book Publishers, 2021.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg