Ballklubb Tromsø er ein av dei mestvinnande volleyballklubbane i Noreg. Klubben vart skipa i 1975 og har sidan vunne elleve kongepokalar og delteke i europacupen fleire gongar. BK Tromsø har i dag om lag 250 medlemmar på topp- og breiddenivå.
Ballklubb Tromsø
Fakta
- Drakt: Blå overdel, blå eller svart bukse
- Heimebane: Tromsøhallen og Gyllenborghallen
Historie
Ballklubb Tromsø vart raskt ein av dei dominerande klubbane i Noreg. Berre fem år etter at klubben såg dagens lys, rykte herrelaget i 1980 opp til førstedivisjon, som den gongen var landets øvste divisjon. Allereie i 1981 vart dei noregsmeistrar for første gong. Deretter tok laget fire nye NM-titlar på rad, og dei vart seriemeistrar tre gongar i den same perioden.
Heimekampane samla 700–800 tilskodarar, og BK Tromsø spelte på 1980-talet fleire europacupkampar, mellom anna mot greske Panathinaikos. Kampane samla mellom 2000 og 3000 tilskodarar på tribunane.
Kommunen la i denne perioden forholda godt til rette for det sportslege, ved at klubben fekk adgang til anlegg og gunstige treningstider. På midten av 1980-talet stilte BK Tromsø med 11–12 lag i seriespel.
2000-talet
Utover på 2000-talet har klubben igjen vore blant dei beste i Noreg. BK Tromsø vann serien i 2004 og 2007. Laget har og blitt noregsmeistrar med jamne mellomrom, etter at dei igjen vann NM-finalen i 2003. BK Tromsø har totalt ti kongepokalar for herrar. Klubben er med det den mestvinnande i NM på herresida i Noreg.
I 2015 var BK Tromsø tilbake i europacupen, for første gong sidan 1980-talet. Om lag 800 tilskodarar såg heimelaget tape 0-3 mot danske Gentofte i Tromsøhallen.
Sesongen 2019–2020 hadde BK Tromsø for første gong lag i den øvste divisjonen også for damer. Klubben var då representert med lag i eliteserien både for damer og herrar.
BK Tromsø sitt damelag vann hausten 2021 sin første kongepokal, då laget vann NM-finalen mot IL Koll. Seinare den same hausten debuterte BK Tromsø sitt damelag i europacupen. Tyrkiske Aydın Büyükşehir Belediyespor var motstandar i første runde i den såkalla Challenge-cupen, og Tromsø vart slått ut etter å ha tapt 0-3 i begge kampane.
Våren 2022 vart damelaget for første gong norske seriemeistrar, då dei slo Randaberg i sluttspelfinalen.
Kjende spelarar
Jon Martin Buvarp, Svein Arild Jakobsen, Jørn Vestre, Jan Rønnestad, Robert Larsen, Harry Fagervold og Terje Øvergård.
Merittar
- Ti NM-titlar for herrar (1981, 1982, 1983, 1984, 1985, 2003, 2004, 2006, 2014 og 2017)
- Fem seriegull for herrar (1982, 1983, 1985, 2004 og 2007)
- Eitt seriegull for kvinner (2022)
- Éin NM-tittel for kvinner (2021)
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- Kolbjørn Rafoss: Å spille ballen tilbake – volleyballens historie i Norge (1998)
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.