Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Faktaboks

Offisielt namn
TUN MEDIA AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Oslo
Dagleg leiar
Jannicke Engan
Styreleiar
Ingrid Skogrand

Bondebladet er eit riksdekkjande norsk vekeblad med særskilt fokus på jordbruksnæringa. Det kjem ut i Oslo i papirformat og som e-avis, og er medlemsavis for Norges Bondelag. Bladet er formelt grunnlagt i 1974, men har røter tilbake til 1900. Det har skifta namn fleire gonger, mellom anna som konsekvens av organisasjonsendringar i bondelagsrørsla og i jordbrukssamvirket.

Bondebladet er i hovudsak eit reportasjeblad som bringer nyheiter og aktuelt stoff elles om det meste som rører seg innan jordbruket og tilknytta næringar, også jordbrukspolitikk. Bladet har om lag 54 000 abonnentar og 130 000 lesarar (2024).

Bondebladet var lenge eigd av Norges Bondelag og landbrukssamvirket gjennom mediekonsernet Tun Media. I juni 2021 selde fleire av eigarorganisasjonane sine partar til Amedia AS, som dermed fekk 66,9 prosent av aksjane i konsernet. Denne parten vart etter kort tid auka til 67,1 prosent. Men Norges Bondelag har halde på 24,8 prosent av aksjane. Trass i eigarskifte har bladet halde fram som medlemsorgan for Bondelaget.

Fakta

  • Skipa 1974 (juridisk), men har kome ut under andre namn sidan 1900.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.140 Utgivelse av blader og tidsskrifter

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg