Det har blitt laga fleire hundre film- og fjernsynsversjonar av Dickens sine bøker, og han er den aller mest adapterte av alle engelske forfattarar. Interessa starta alt i dei aller første kortfilm-eksperimenta rundt 1900, og der er mange stumfilm-versjonar av bøkene hans. Sidan har interessa berre vart ved i alle tiår fram til i dag.
Han blei kjend og populær hos eit stort publikum gjennom ei rekkje fine, tidlege film-, tv- og sceneversjonar, som George Cukors David Copperfield (1934), Jack Conways A Tale of Two Cities (1935), David Leans ekspressive Great Expectations (1946) og Oliver Twist (1948).
Oliver! (1960), med tekst og musikk av Lionel Bart, var ein av dei store britiske musikalsuksessane i 1960-åra, og filmversjonen frå 1968 i regi av Carol Reed vann seks Oscar-prisar.
Blant mange tidlege versjonar av A Christmas Carol kan ein nemne Scrooge (1951), i regi av Brian Desmond Hurst. A Christmas Carol kom i ny filmversjon i 2009 og som ny TV-miniserie i 2019, og det er også laga ein film om korleis denne boka blei skriven: The Man who Invented Christmas (2017).
Christine Edzard markerte seg i 1987 med ein stort oppbygd versjon av Little Dorrit, laga som to filmar på omkring tre timar kvar. Denne romanen kom også i ny versjon som TV-serie i 2008.
Dei siste tretti åra har til dømes David Copperfield kome i nye versjonar i 1999 (TV-serie), 2000 og 2020, Nicholas Nickleby i 2002 (og før det i 1982), Our Mutual Friend i 1998, Bleak House i 2005 (og 1985). Ein av dei mest populære er Great Expectations, der vi har nye filmar i 2013 (Graham McLaren), 2012 (film), 2011 (TV-serie), 1999 (TV-film) og mange tidlegare.
Der er også mange animerte versjonar, og av dei mest kjende er The Muppet Christmas Carol (1992), Disneys Mickey's Christmas Carol (1983) eller Disneys Oliver Twist (1988).
Ein av dei nyaste produksjonane er ein morosam fjernsynsserie der personar frå ulike romanar blir blanda til eit nytt detektiv-mysterium, svært underhaldande for alle som kjenner litt til bøkene og det fargerike dickenske persongalleriet (Dickensian 2015–2016, på norsk TV med tittelen Dickens' jul).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.