Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Faktaboks

Elizabeth Gaskell

Elizabeth Cleghorn Gaskell

fødd Elizabeth Cleghorn Stevenson

Uttale
'gæskəl
Fødd
29. september 1810, London
Død
12. november 1865, Alton, Hampshire
Elizabeth Gaskell

Foto av forfattaren (ukjent år).

Elizabeth Gaskell var ein av dei mest kjende engelske forfattarane av romanar og noveller på midten av 1800-talet. Ho vart lagt merke til for søkelyset på sosiale ulikskapar og kvinnekår, men også for nostalgiske skildringar av eit engelsk landsbyliv som var i ferd med å gå tapt under industrialiseringa.

Bakgrunn

Motsetnaden mellom land og by, idyll og industrialisering, fargar mange av fortellingane hennar, og stammar frå hennar eigen bakgrunn og erfaring. Sjølv om ho var fødd i Chelsea i London, vaks ho opp hos tanta i Cheshire, sidan ho var morlaus frå starten. Ho gjekk på fleire skular, mellom anna i Stratford-upon-Avon, til ho var 16 år, og hadde slik sett bra utdanning for ei jente på den tida.

Familie-mor

I 1832 gifte ho seg med William Gaskell og fødde etterkvart seks born, av dei fire som levde opp. Både faren og mannen var unitarianske prestar, og ho levde det meste av livet i fabrikkbyen Manchester, noko som gav henne nær kjennskap til livet mellom dei fattige. Sorga over tapet av den vesle sonen førte til at ho brukte meir tid på å skrive, og ho ville bruke pennen til å gje stemme til dei fattige arbeidarane.

Mot sosial urett

Norsk utgåve av Cranford (1967)
Norsk utgåve av Cranford (1967)
Lisens: CC BY SA 3.0

Etter å ha skrive nokre fortellingar og småstykke for ulike blad, kom den første romanen, Mary Barton (1848), som ein sterk skildring av klassemotsetnader og arbeidarliv.

Som venen Charles Dickens nyttar Gaskell ofte romanane til å belyse samfunnsproblem. I Ruth (1853) skriv ho om den umoglege situasjonen for ugifte mødre, og argumenterer for å gje kvinnene sjanse til å skape seg eit nytt liv som aksepterte samfunnsborgarar i staden for å hamne i prostitusjon, slik mange gjorde. I North and South (1855) tek ho for seg konflikten mellom det industrialiserte Nord-England og jordbruket i Sør-England. Sylvia's Lovers (1863) belyste konsekvensane av napoleonskrigane for livet til folk flest.

Landsbyliv

Etterkvart var det Cranford (1853), ei humoristisk skildring av livet i ein provinsby, som vart det mest populære verket. Cranford er i stor grad bygd på Gaskells eigen barndom i Knutsford, og vart først trykt i Dickens sitt blad Household Words. Som han publiserte ho fleire av bøkene som føljetongar, og den siste og lengste, Wives and Daughters, var framleis under utgjeving då ho døydde.

Biografen

Då venen Charlotte Brontë døydde så altfor tidleg, ba faren Patrick Brontë Elizabeth om å skrive ein biografi. Den kom ut to år etter, i 1857. Biografien er framleis lest som eit interessant tidsvitne og godt innblikk i vilkåra for kvinnelege forfattarar.

Gaskell i Norge

Det var størst interesse for å omsette Gaskell sine bøker til norsk på midten av både 1800- og 1900-talet. På 1800-talet kom fem noveller og eit essay på norsk, medan 1900-talet hadde ei omsetting av North and South og to ulike versjonar av Cranford. Alt i 1856 og 1858-89, medan forfattaren enno levde, trykte Christiania-Posten essayet «Om Selskabslivet» og lang-novellene «Morton Hall», «Pen-Morfas Brønd», «Elisabeth Marsh» og «Uveijr og Solskin i Julen», medan Aftenposten nokre år seinare hadde «Den graae dame» som føljetong. Fleire av romanane har likevel aldri kome i norsk versjon.

Filmatiseringar

BBC miniserie frå 2004
BBC miniserie frå 2004
Lisens: CC BY SA 3.0

Elizabeth Gaskell sine verk har vore populært materiale for fjernsynsseriar, men derimot ikkje for kino-versjonar.

Cranford hadde stor suksess som fjernsynsserie i 2007–2009, med mellom andre Judi Dench og Imelda Staunton i hovudroller. Nokre år tidlegare kom det gode miniseriar basert på North and South (2004) og Wives and Daughters (1999).

Men det finns også ein tidlegare generasjons fjernsynsversjonar av Mary Barton (1964), North and South (1966), Wives and Daughters (1971) og Cranford (1972), så populariteten til Gaskell er ikkje ny.

Utvalde verk

  • Mary Barton (1848)
  • «The Well of Pen-Morfa» (novelle, 1850)
  • Cranford (1851-53)
  • Ruth (1853)
  • «Morton Hall» (novelle, 1853)
  • North and South (1854-55)
  • The Life of Charlotte Brontë (1857)
  • «The Grey Woman» (novelle, 1861)
  • Sylvia's Lovers (1863)
  • Wives and Daughters (1864-66)

Norske omsettingar

  • «Om Selskabslivet», 1856, Christiania-Postens Feuilleton. Anonym omsettar.
  • «Morton Hall», 1856, Christiania-Postens Feuilleton. Anonym omsettar.
  • «Pen-Morfas Brønd», 1858, Christiania-Postens Feuilleton. Anonym omsettar.
  • «Elisabeth Marsh», 1858, Christiania-Postens Feuilleton. Anonym omsettar.
  • «Uveijr og Solskin i Julen», 1859. Christiania-Posten. Anonym omsettar.
  • «Den graae dame», 1867. Aftenpostens føljetong. Anonym omsettar.
  • Fabrikherren, 1905 (North and South). Føljetong i Drammens blad. Anonym omsettar.
  • Cranford: Den uforliknelige provins-idyll fra de gode gamle dager. 1947. Omsett av Ragnar Houg.
  • Cranford: En småbyidyll. 1967. Omsett av Frithjov Iversen.

Les meir i Store norske leksikon

North and South på norsk i 1905
North and South på norsk i 1905
Lisens: CC BY SA 3.0

Eksterne lenker

Litteratur

  • The Cambridge Companion to Elizabeth Gaskell, 2007, Cambridge: Cambridge University Press.
  • Angus Easson, 1991, Elizabeth Gaskell: The Critical Heritage, London: Routledge.
  • Shirley Foster, 2002, Elizabeth Gaskell: A Literary Life, Basingstoke: Palgrave.
  • Loredana Salis (red.), 2013, Adapting Gaskell: Screen and Stage Versions of Elizabeth Gaskell's Fiction, Cambridge Scholars Publishing.
  • Jennifer S. Uglow, 1993, Elizabeth Gaskell: A Habit of Stories, London: Faber and Faber.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg