Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Propagandaplakat frå Det store spranget
Propagandaplakat frå Det store spranget
Av .
Stålproduksjon på landsbygda i Kina 1958
Mao hadde et uttalt mål om å gå forbi den britiske tungindustri-produksjonen per innbyggjar innan 15 år. For å oppnå dette blei det fokusert på stålproduksjon, og lokale stålverk blei bygde i folkekommunane.
Stålproduksjon på landsbygda i Kina 1958
Av .
«Kadrar» blir sende til landsbygda, 5. desember 1957
«Kadrar» blir sende til landsbygda, 5. desember 1957
Av /Den kinesiske fotokunstsamlinga.

Det store spranget, eller «Det store spranget framover», var ei storstila omstilling i Folkerepublikken Kina i perioden 1958–1961 som sikta på å gjere landet til ei økonomisk og militær stormakt. Kampanjen var den første store fadesen til Kinas kommunistparti. Viktige følgjer var økonomisk nedgang, økologisk utarming, sultkatastrofe og ein motreaksjon frå moderate krefter i kommunistpartiet. Han bidrog òg til Kinas brot med Sovjetunionen.

Faktaboks

Også kjend som

pinyin: dà yuè jìn

forenkla teikn: 大跃进

tradisjonelle teikn: 大躍進

engelsk: Great Leap Forward

Planen var utvikla av Mao Zedong og omfatta kollektivisering av kinesisk landbruk med oppretting av folkekommunar og oppbygging av småindustri. Målet med denne kampanjen var ei hurtig industrialisering av Kina. Mao meinte at modellen frå Sovjetunionen, der kapitalen til industrialiseringa blei henta frå overskot i landbruksproduksjonen, ikkje ville fungera godt nok i Kina, grunna høgt folketal og lågt produksjonsoverskot. Med bruk av Kinas største ressurs, arbeidskraft, skulle utvikling takast i eit stort sprang.

Mao hadde eit klart mål om å gå forbi den britiske tungindustri-produksjonen per innbyggjar innan 15 år. For å oppnå dette blei det fokusert på stålproduksjon, og lokale stålverk blei bygd i folkekommunane. Dette førte mellom anna til avskoging for å skaffa brensel til smelteomnane. Stålet viste seg i tillegg å vera lite brukbart.

Urealistiske produksjonsmål og ineffektivt jordbruk på grunn av overføring av arbeidskraft til stålproduksjon, kombinert med fleire naturkatastrofar som tørke og flaum, førte til at millionar døydde under Det store spranget. Talet på dei som døydde som ei direkte eller indirekte følgje av kampanjen, er omdiskutert, men det er høgst sannsynleg snakk om titals millionar.

Fleire av problema med Det store spranget gjorde seg synlege allereie sommaren 1959. Ein del av partileiinga meinte at den mislykka kampanjen var bevis for at det var nødvendig med intellektuelle, ekspertar og økonomiske incentiv for å utvikla Kina. Den mest høglytte kritikaren var forsvarsminister og visestatsminister Peng Dehuai. Han peika mellom anna på at dei urealistiske produksjonsmåla førte til overrapportering av avlingar. Kritikken frå Peng førte til ein anti-høgre-kampanje, der Peng og meiningsfellar blei renska ut frå partiet. Lin Biao, ein viktig figur under kulturrevolusjonen, erstatta Peng som forsvarsminister.

Likevel byrja ein å reversere nokre av dei mest ekstreme tiltaka utover i 1960. Kollektiva blei nedskalerte og nokre markedsincentivar innført. Dei moderate kreftene i partiet, fronta av Liu Shaoqi og Deng Xiaoping, tok gradvis over tyglane, og Mao sklei inn i bakgrunnen. Avslutninga på Det store spranget er derfor ei viktig årsak til kulturrevolusjonen.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg